Til forsiden
Pressemelding frå Erling Sande:

Fellesskapet er sikra kontroll over vasskraftressursane

[09.09.08 14:44] Dagen i dag markerer ein viktig siger for Senterpartiet og den raud-grøne regjeringa når det gjeld satsinga på fellesskapet og det nasjonale eigarskapet til naturressursane, seier Erling Sande, energipolitisk talsmann i Sp.


- Vi har no sikra offentleg eigarskap til fossefalla ved å gjere bruk av det handlingsrom som EØS-avtala gav oss, seier Sande. Fremskrittspartiet og Høyre er motstandara av heimfall. Dei ynskjer private eigare, og vil sikre fellesskapet gjennom skattlegging. Senterpartiet meiner det har ein eigen verdi at kommunar, fylkeskommuner og stat har direkte eigarskap til ressursane. -Lova som stortinget no vil vedta vil sikre at ein større del av verdien kjem samfunnet og lokalsamfunnet til gode for all framtid.   

- Vasskrafta har vore avgjerande for å sikre energiforsyninga. Inntektene frå produksjonen har kome fellesskapen til gode gjennom offentleg eigarskap, eller gjennom at krafta har vore nytta til å skape arbeidsplassar og aktivitet rundt om i heile landet. Slik skal det framleis vere. Reglane gjev industrien høve til å gå i samarbeid med offentlege aktørar og på den måten sikre at den krafta dei i dag disponerer kan nyttast til industriell utvikling også i framtida, seier Sande. 

I dag eig det offentlege nesten 90 prosent av norsk vasskraftproduksjon. Lova inneber at berre offentlege aktørar i framtida skal kunne erverve vassfall og kraftverk over konsesjonsgrensa. Dei fleste småkraftverka fell under denne grensa.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut