Til forsiden
Erling Sande:

Heimfallet er sikra

[14.03.08 00:00] Ei ny heimfallslov hadde ikkje vore gjennomført utan at vi hadde hatt ei raudgrøn fleirtalsregjering, seier Erling Sande, Sps medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.


Regjeringa foreslår i dag å endre lova om norsk vasskraft, noko som innebèr at berre offentlege aktørar skal få erverve kraftverk og fossefall. EFTA-domstolen slo fast at det offentlege ikkje kunne krevje fallrettane frå private aktørar etter 60 år. No er heimfallsinstituttet sikra.

- Tidlegare olje- og energiminister Odd Roger Enoksen og noverande statsråd Åslaug Haga har gjort ein stor innsats i denne saka. Vi utfordra ESA og meinte vi eig landets vasskraftressursar i fellesskap. Eg er glad for at regjeringa no kjem med ein lov som held på offentleg eigarskap, seier Sande. Dei fleste småkraftverka havner under konsesjonsgrensa på 4.000 hestekrefter

- Dermed kan ein framleis få realisert viktige småkraftverk i distrikta. Når det gjeld dei private aktørane kan dei framleis eige inntil ein tredel av offentlege selskap, seier Sande.

Høyringsfristen for det nye lovforslaget er sett til 30. april.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut