Til forsiden
Erling Sande:

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) får meir pengar til handsaming av konsesjonssøknader.

[15.05.08 00:00] -Styrkinga av NVE er godt nytt for prosjekt for fornyeleg energi i Noreg, seier Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.


I Revidert Nasjonalbudsjett 2008 er NVE føreslått styrka med 13.5 millionar, dette svarar til ein auke sakshandsamarkapasiteten av konsesjonssøknader på nærare 30 pst.  

Styrking og effektivisering av konsesjonshandsaminga i NVE har ført til at effektiv sakshandsamingstid for kvar sak dei siste åra er redusert, og talet på ferdighandsama saker per år aukar. Samstundes har det vore stor vekst i innkomne konsesjonssøknader, noko som har ført til auka etterslep. Ei ytterlegare styrking av kapasiteten er difor naudsynt. 

- Det finst ei rekkje gode initiativ og prosjekt innan fornyeleg energi i Noreg, seier Sande. Veksten i innkomne saker hjå NVE er eit godt teikn på dette. Det er viktig at desse får ei handsaming som både er forsvarleg og effektiv. - Kapasitetsauken vil føre til at fleire prosjekt innan mellom anna småkraft og vindkraft blir handsama, og at fleire av desse blir realisert, avsluttar Sande.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut