[15.05.08 00:00] Det er særs gledeleg at alle småkraftverk under 5500 kVA slepp grunnrenteskatt. No kan det opne seg moglegheiter for andre som vil satse på småkraft òg, seier Erling Sande, Sps medlem av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Regjeringa la i dag fram forslaget som særleg rettar seg mot mindre kraftverk og kraftselskap. - Senterpartiet har sidan virkninga av statsbudsjettet 2008 vart kjend arbeida for å betre skattereglane for småkraftverka. Den gongen vart den nedre grensa for kva slags kraftverk som vart omfatta av grunnrenteskatten redusert frå 5500 kVA til 1500 kVA.
- Vi ynskjer å få på plass meir fornybar energi. Av omsyn til miljøet og utnyttinga av energipotensialet i distrikta, er det naudsynt på ei småkraftsatsing, seier Sande, som syner til at det er mange interessante prosjekt rundt om i landet. Endringa for eksisterande og omsøkte kraftverk vart reversert i januar i år. I revidert nasjonalbudsjett blir det og reversert for nye kraftverk. Dimed må ingen kraftverk under 5500 kVA frå no av betale grunnrenteskatt.
- Småkraft blir utruleg viktig i samband med evalueringa av energilova, og der vil dety kome meir om dette emnet, seier Sande, som legg til at utbetalingsordninga for opparbeida negativ grunnrente òg er viktig for å få likskap mellom mindre kraftverk og kraftselskap.
- Regjeringa tek no skattemessige grep som gjer det mogleg å leggje til rette for opprusting og utviding av småkraftverk, seier Sande.