[10.03.08 00:00] Forslaget til ei ny lov om motorferdsel i utmark og vassdrag frå Direktoratet for naturforvaltnings (DN) er ei klar forringing av det kommunale sjølvstyret, meiner Erling Sande, Senterpartiets medlem av energi- og miljøkomitè på Stortinget.
Sande meiner lovforslaget ikkje i stor nok grad tek omsyn til at det erulike lokale og regionalebehov og ynskjer på området.
- Det er i utgangspunktet bra at kommunanefår lage eigne motorferdselsplanar, men då må dei og hareell makt i spørsmålet om dispensasjonssøknader, kvar ein kan driverekreasjonskøyring eller om det kun skal vere leigekøyring som ligg til grunn, seier Sande. - Vi i Sp ynskjer at den nye lova skal byggje på dei erfaringene som er gjort i dei åtte kommunane som har prøvd ut å ha forvaltvaransvaret sjølve, seier Sande. Han legg til at Sp meiner det skal vere balanse mellom næringsformål på den eine sida og natur- og friluftsliv på den andre sida.
- I enkelte kommunar er det ein spreidd hyttestruktur, medan i andre kommunar ligg dei tett. Det vil ligge til grunn for kva løysing kommunane vel når det gjeld leigekøyring. Dette tek ikkje den nye loven omsyn til, seier Sande.