Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland  / Radøy 


Jon deltok i paneldebatt i går, mandag 6. september:

Heia Jon!

[06.09.11 20:49] Alle ordførarkandidatane i Radøy var invitert til å delta i paneldebatt mandag kveld for å få fram sine planar for Radøy neste fire år. Jon Askeland vist styrke, kunnskap og gode planar for Radøy framover.


Rundt 70 tilhøyrarar møtte opp for å sjå og høyra debatten, som eigentleg ikkje fekk fram stort meir enn at dei fleste ønskja å fortsetja å driva Radøy langs same spor som i dag.

Jon viste tydleg kven som var mest kunnskapsrik i panelet. Det vart vanskeleg for spørsmålstillarane, og for dei andre kandidatane, å få inn gode argument for å skifte styre. Særleg tydeleg vart dette når ingen av kandidatane ville gjere særlege endringar, verken i eigedomsskatten, skulepolitikken, tenestetilbodet, privatiseringsspørsmål eller anna.

Senterpartiet vart utfordra på næringpolitikk, men Jon svara at det er fleire arbeidsplassar i privat næringsliv i Radøy i dag, enn for fire år sidan. Det er meir areal tigjengeleg no enn for fire år sidan, og kontakten med næringslivet er god. Jon er også kjent for å ver ein næringslivsmann, med fartstid som vestlandsdirektør i Felleskjøpet.

Senterpartiet vart utfordra på å vere sinke i vegsaker. Det parerte Jon enkelt ved å visa til at Senterpartiet har stått støtt i NHpakken, og aldri stemt imot. I tillegg har ordføraren eit nettverk som han har drege nytte av for å påverka fylkespolitikarane.

Radøy - den grøne øya er eit varemerke. Det betyr ulikt alt etter kven som bruker det. Senterpartiet ønskjer at det skal stå for vekst og trivsel.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut