Vedtatt fråsegn Senterpartiets landsmøte 15. – 18. mars
Framtidshåp i jordbruket krev inntektsløft
Norsk landbruk representerar avgjerande verdiar i høve til matvareproduksjon, distriktspolitikk og utforminga av kulturlandskapet i Noreg. Eit aktivt landbruk i heile landet er ein avgjerande del av ein offensiv politikk for å nytte Noreg sine ressursar og moglegheiter. Matvareproduksjonen i Noreg dannar grunnlaget for tusenvis av arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien, og er heilt avgjerande for vidare næringsmiddelindustri i Noreg.
Strukturutviklinga og bruksnedlegginga går så raskt at Landsmøtet i Senterpartiet er sterkt bekymra for at landbruket ikkje klarer å ivareta kulturlandskap, busetting og lokal næringsutvikling.
Låg inntekt og stadig nye og kostnadskrevjande offentlege reglar framskundar avviklinga. Bondevik II-regjeringa sin landbrukspolitikk fokuserte einsidig på stordrift og prøvde å rive landbruket laus frå Noreg sine naturgjevne fortrinn. Det må takast eit krafttak for å snu denne utviklinga. Ordinære familiebruk må få tilbake trua på ei framtid i jordbruket. Dette oppnår vi gjennom klare politiske signal og ei konsekvent oppfølging med økonomiske virkemiddel. Vi må særleg fokusere på dei produksjonane som tyder mest for busetnad og arealbruk.
1. Inntektsutvikling
Landbrukets inntektsmoglegheiter skal betras betydeleg i denne stortingsperioden. Det kan ikkje aksepterast at andre grupper har ei anna og betre inntektsutvikling enn norske bønder. Inntektsutviklinga har vore svak dei siste åra og inntektsgapet mellom jordbruket og andre næringar skal reduserast.
2. Inntektsoppbygging
Løyvingane til jordbruket over budsjettet har auka vesentleg mindre enn prisveksten i samfunnet. For å nå dei politiske ambisjonane som er skriftfesta i Soria Mora-erklæringa må budsjettløyvingane til jordbruk aukast kraftig. Jordbruket må samtidig få høve til å auka prisane til gardbrukar.
3. Strukturutvikling
Ved årets jordbruksoppgjer må bodsjettmidlane brukast slik at det sikrer ein variert bruksstruktur i heile landet.
4. Miljømål
Landbruket må spele ei nykelrolle i miljøpolitikken. Landbrukets innvinning og oppbinding av CO2 må verdsetjast høgare, og potensialet for produksjon av bioenergi må utviklast og belønast.
5. Investeringspolitikk
Investeringsbehovet i landbruket er svært stort. Ei rekkje kostnadsdrivande forskriftendringar gjev eit stort investeringsbehov. Det må skapast balanse mellom forskriftsskapt investeringsbehov og tilgjengelege investeringsvirkemidlar. Investeringsstøtta må fordelast slik at den ikkje forsterkar ulikskapane og strukturendringane.
6. Jordvern
20 000 dekar dyrkbar jord omdisponerast i Noreg kvart år. Ein betydeleg andel av jorda som byggjast ned, skjer i den beste klimasonen, kor det dyrkast matkorn og grønsaker. Dyrkbar jord må gis eit langt betre juridisk vern og underleggjast mykji strengare handheving enn i dag. Rikspolitiske retningsliner for jordvern må utarbeidast.