|
|
[16.08.10 10:31] Leiar i Samnanger Senterparti reflekterer over kraftlinene i dette lesarbrevet
Samnanger, den 13. august 2010
Ja, så er kraftkrigen i gang igjen. For ein del år tilbake var det Alta, der det var massive protestar, og folk tydde til sivil ulydnad. No er det Sima – Samnanger, og behov for straum til Bergensregionen, som skapar bølgjer. Og Statnett skal vere utbyggjar. Og kva skjer så? Som tidligare når det er snakk om inngrep i natur som styres-makter har funne nødvendige, så er det noen som protesterer. Og klart, alt som er gjort opp gjennom tidene av inngrep, er ikkje bra, og burde kunna vore gjort på ein meir skånsam måte, så slik sett er det godt at me har natur- eller miljøvernarar. Men det er forskjell på sakleg argumentasjon og hysteri og sivil ulydnad. Sjølv er eg medlem av Senterpartiet, men skriv her som privatperson. Eg veit at Senterpartiet er i utgangspunktet mot kraftlina det her er snakk om, men beslutninga om at lina skal byggjast, er gjort av regjeringa ut frå eit stort behov. Og ikkje trur eg at naturvernarar eller folk i Hardingar vil gå tilbake til slik det var for 60 – 80 år sidan, med parafinlamper og stearinlys og saltmat i staden for ferskvare or frysebøks og kjøleskåp, og å kunna slå på lys frå ein brytar på veggen eller leidninga.
Dei ville nok protestert dersom dei fekk beskjed om at nei, de kan ikkje få straum på ei stund korkje til varme, lys, tv, data og kjøleskåp, for det er ikkje kapasitet. Det er den verkelegheita som kan ramma bergensområdet.
”Monstermaster” er det media har valt å kalla dei planlagde mastene. Då skal eg få opplysa at lina frå Samnanger – Fana er dimensjonert for 420 kV, men i dag kjører lina 300 kV. Denne lina går ca. 300 m frå husa mine, ja eg var skeptisk når den skulle byggjast, men i dag merkar eg ho knapt
Argumentet som kom fram på TV førre kvelden, at det er berre å finna mellombels løysingar, og at det sikkert ikkje kjem fleire harde vintrar på mange, mange år no, viser klart at dei ikkje har bakkekontakt og ikkje veit kva dei snakkar om. Eller kanskje dei meiner at mobile olje- eller gasskraftløysingar er det store? Kanskje dei trur at er det provisorisk og mobilt, ja då forureinar det ikkje. El-kraft er noko av det reinaste som fins.
Og eg føler og at det i regionen Hardanger er ganske mykje dobbelmoral ute og går. Dessutan ser det ut til at tanken ”får me det som me vil, ja, så drit i alle hine, det vedkjem ikkje oss” rår i området. Sjå for eksempel Hardangerbrua, her jubla dei opp over seg, og ein høyrde ikkje noko om kor fint Hardanger er då, og ikkje eit ord om at det gjer kraftige innhogg i naturen med brufeste, vegtilførsel osv. Det er vel heller ikkje spesielt vakkert med eit bruspenn tvers over Hardangerfjorden? Men då kom det spesielt hardangerregionen til gode, samt mange fleire. Ein slepp stå nokre minutt i ferjekø, noko lenger i høgsesong og utfartsdagar.
Så kraftline att: Også fjordkabling av ei kraftline vil gje temmelig store inngrep i naturen ved overgang frå land til sjø frå sjø og på land att. For det er ikkje sjø ved trafostasjonen i Børdal i Samnanger, så på land må ein i alle høve. Og dit skal linja. Men det eg veit og har fått med meg, er at har Samnanger ikkje akkurat har vore den kommunen som har fått muligheit til å vera ”tunga” på ”vektskåla” Men i Samnanger så har me lært at verda er meir enn der ein ligg og står, og at samfunnet er meir enn eigen region. No har eg stort sett sparka til miljø- og naturvernarar samt folk i region Hardanger, men me har og noko som heiter politikarar i dette landet både lokalt , regionalt og sentralt. Eg er fullt ut einig om at dei skal engasjera seg og ha meiningar, men når ein så kjem til eit endelig resultat / vedtak, som dei ikkje er samde i, og då uttalar at dei vil gå for sivil ulydnad, for å nå si meining, ja då blir eg flau av våre politikarar. Det gir svært lite sympati i samfunnet når dei som skal forvalta styringa i kommunar, ope uttalar at dei kan tenkja seg vera med på sivil ulydnad. Det bør dei halda seg for gode til.
Eg blir og eitrande arg når det kjem fram påstandar som er direkte usanne om kva som er partiet si meining og landsmøtevedtekne standpunkt. Eg har og eit spørsmål, og det er om verdi av urørt natur er ulik i hhv. innland og kystområde. For eksempel strandsoner, kystområde der ein planlegg vindmølleparkar. Eg er og temmelig irritert over media som for ein kvar pris må finna ein syndebukk når det bles på toppane. No har regjeringa bestemt å gå ein ny runde med utgreiingar, og det er på tide at dei får ro til å gjera jobben sin.
Skal få lov å poengtera at eg heile tida tenkjer sak, ikkje person, og vonar eg har formulert meg slik at ikkje nokon føler seg personlig trakka på / uthengde. Det er sak og formål eg skriv ut frå.
Med helsing
Hans Solberg