|
|
[18.08.11 21:43] Ja, så er det valkamptid 2011 også i Samnanger. Ein valkamp som kanskje vil verta annleis.
Med minnet om dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya så vil og bør nok språkbruken verta litt mindre skarp. Men det er ikkje det same som at me skal gå i hi, og ikkje fronta sakene våre. Gjer me det, så har desperadoen oppnådd noko av det han ynskjer, nemlig å skremma og spreia redsel.
Dette gjeld ikkje spesielt her i Samnanger, men i heile landet.
Det er sakene me skal fronta. Og her er nok av utfordringar i kommunen vår. Først er det vel grunn til å slå fast me ikkje skal slå oss på brystet , skryta over økonomien vår, og at me skal få til alt me ynskjer.
Kommuneøkonomien er, i Samnanger som i resten av landet vårt, ganske så stram. Men med god økonomistyring og rett prioritering bør det vera mogeleg å få til noko i neste periode òg.
Kva er så Samnanger SP sine fremste ønske? Fyrst og fremst så må me få fortgang i arbeidet med Samnangerheimen. Det kan ikkje venta. Samhandlingsreforma med sine krav og utfordringar står og bankar på, og det er pålegg me må ta på alvor.
Samnanger SP ønskjer dessutan å avslutta legevaktsamarbeidet med Os så snart det er mogeleg.
Det tyder ikkje at me vil ta legen frå innbyggjarane. Me vil tvert imot ha ei tryggare og betre legedekning, i tråd med krava som kjem i samhandlingsreforma.
Utbygginga av Samnanger barneskule er òg naudsynt å få starta opp snart. Senterpartiet var mot at barneskulen i Nordbygda skulle leggjast ned, men når fleirtalet ville det annleis, må kommunen ta konsekvensane av det.
Og kva vil me ikkje? Det skulle vera godt kjent at me ikkje vil ha ei stor kraftverks-utbygging i Aldalen eller steinfylling i Vågen ved Bjørkheim. Det er ei av våre vakraste naturperler. Det tyder ikkje at området rundt Bjørkheim skal liggja som i dag. Mykje kan gjerast for at området skal verta meir attraktivt både som handelssenter, men og som ein ”port” til Samnangerfjorden.
Kjære Samningar, stem SP, og me skal gjera det som står i vår makt for at våre mål vert realitet.
Og det nyttar å kjempa. Det ser me eit klart døme på i desse dagar. Dei fyrste førebuande maskinjafsa på tunellen bak Ytre-Tysse er no teke. Ikkje det store arbeidet, men førebuingsarbeid, eit lite innhogg.
Samnanger SP såg seg leie på at dette prosjektet gong på gong vart skyvd ut i det blå. Og me og Fusa SP ved ordførar Vindenes tok det opp med dåverande samferdslestatsråd i 2006. Sidan har me masa jamt og trutt oppover i det politiske systemet, både på våre fylkes- og rikspolitikarar.
Det er i posisjon me kan påverka resultata. Så no er det opp til dykk samningar å avgjera korleis bygda vår vil sjå ut i framtida.
Samnanger Senterparti