Til forsiden

Meny/Forside

Du er her: Sp der du bor  / Møre og Romsdal  / Sande 
Kommunestyret 26. mars 2009:

Forpliktande plan i samband med ROBEK-status

[26.05.09 21:50] Sande Senterparti og Tverrpolitisk liste for Kvamsøy og Sandsøy/Voksa stilte fellesframlegg på sakene som inngjekk i Forpliktande plan for omstilling


Fellesframlegget ville gjere at kommunen fekk eit driftsnivå tilpassa det inntektsgrunnlaget vi har, og gjere at vi kunne meldast ut av ROBEK-registeret seinast 2012. Dessverre valde fleirtalet - beståande av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeiderpartiet å stemme ned alle forslaga (11 - 9), utan at dei sjølve viste korleis dei vil angripe utfordringane kommunen står oppe i. Framlegga var som følgjer:

Sak 24/09 Samordning av vaktmeistertenestene

Som rådmannen si tilråding.

Sak 25/09 Administrasjonen

Rådmannen si tilråding med unntak av punkt 5 som går på lærling-stopp, det skal strykast. I tillegg foreslår vi eit nytt punkt:

  • Rådmannen får i oppdrag å legge fram eiga sak med kutt tilsvarande heil stilling inn mot teknisk eining (ingeniør), IKT (leasing-/vedlikehaldsavtale) eller Næringsforumet, der konsekvensane ved eit slikt kutt kjem tydeleg fram. I samråd med ordførar bør Rådmannen også sjå på mulege samordningstiltak som styrkar ordføraren si rolle som ombod for næringslivet i kommunen.

Sak 26/09 Politisk organisering

Nytt forslag:

1. Den politiske organiseringa i Sande kommune skal vere som følgjer:

Kommunestyret har 21 medlemer, medlemane vert fordelte slik:

  • Formannskap med 7 medlemer, formannskapet vert tillagt oppgåvene til det faste planutvalet (jfr. PBL §§12-12, andre ledd og 12-14 andre ledd).
  • Driftsutval med 9 medlemer frå kommunestyret, prinsippet om gjennomgåande representasjon skal gjennomførast så langt råd er. Utvalet overtek oppgåvene som i dag ligg til OPK-utvalet, HS-utvalet og NPM-utvalet, og får direkte innstillingsrett til kommunestyret i saker som kan dekkjast økonomisk innan eige ansvarsområde.
  • Kontrollutval med 2 medlemer frå kommunestyret og 3 medlemer (+ 5 varamedlemer i rekkefølgje) som ikkje er medlemer av kommunestyret – desse medlemane kan ikkje ha andre kommunale verv.
  • Naturforvaltingsnemnd med 5 medlemer, leiaren frå kommunestyret.
  • Råd for likestilling av funksjonshemma med 5 medlemer, leiaren frå kommunestyret.
  • Eldreråd med 5 (evt. 6) medlemer, eitt medlem frå kommunestyret.

2. Barnerepresentanten sine oppgåver vert overført til rådmannen (jfr. PBL §3, tredje ledd), den kommunale byggenemnda vert nedlagt. Øvrige råd og utval vert ikkje endra.

 3. Den nye strukturen trer i kraft frå 1.10.2009.

 4. Frå same dato vert satsane for møtegodtgjersle justerte, slik at møtehonorar for kommunestyre/formannskap/driftsutval vert sett til kr 200, for øvrige utval kr 150.

Sak 27/09 Endring av skulestruktur

Nytt forslag:

  1. Rådmannen utgreier modellane 1, 8 og 12 med omsyn til økonomiske, pedagogiske og samfunnsmessige konsekvensar; herunder val av transportmiddel og berekning av tidsforbruk for dei som bur lengst unna dei ulike skulealternativa.
  2. Forslaga som tilfredsstiller retningslinjene i lovverket vert å sende ut på høyring i samsvar med Forvaltingslova §37, før endeleg vedtak i kommunestyret.
  3. Kulturskulen vert flytta frå Gursken til Larsnes skule.
  4. Hovudbiblioteket vert samlokalisert med skulebiblioteket, og får nye lokale på Larsnes skule. Bibliotekfilialen i Gjerdsvika blir samlokalisert med Gjerdsvika skulebibliotek.

 

Forpliktande plan for omstilling i samband med ROBEK-status

Nytt forslag:

1. Kommunestyret viser til vedtaka i sakene 24-27/09, der innsparingstiltaka anslagsvis vil gje slik effekt:

                                                                     2009             2010          2011          2012

Sak 24/09 Vaktmeistertenestene                                100’          200’          200’

Sak 25/09 Administrasjon                                           900’         1200’        1200’

Sak 26/09 Politisk organisering                 100’           400’           400’           400’

Sak 27/09 Skulestruktur                                               700’         1600’        2100’

                 Bibliotek/Kulturskule                                 100’           300’           300’

                                                            100’            2200’         3700’        4200’

Innføring av minsteavdragsprinsipp        2300’            2300’         2300’         2300’

                                                          2400’            4500’         6000’        6500’

 2. Kommunestyret ber ordførar/rådmann undersøkje mulegheitene for å utvide perioden for nedbetaling av underskotet i driftsrekneskapet frå 4 til 6 år, slik at akkumulert underskot vil vere nedbetalt 2014.

 3. Kommunestyret ber rådmannen utgreie økonomi og konsekvensar ved innføring av eigedomsskatt på verk og bruk.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut