Til forsiden
Du er her: Organisasjon  / Senterkvinnene 


Bjørg Bergheim:

Sommarhelsing frå Senterkvinneleiaren

[06.07.11 07:58] No er det endeleg sommar, og sjølv om forsommaren her på Nordvestlandet har vore litt grå så ser eg fram til ein flott sommar med mykje sol og fritid. Det er no vi skal lade batteria framover, slik at vi mellom anna er klar til haustens valkamp ☺.


I slutten av mai hadde Senterkvinnene eit godt landsstyremøte i Oslo. For første gong på lenge greidde vi å få til eit fysisk  møte – takke vere økonomisk tilskot frå Oslo Senterkvinner. På dette møte hadde vi mellom anna fokus på den komande valkampen og vi drøfta korleis vi kan vidareutvikle Senterkvinnene sin organisasjon.

12. september er det kommune- og fylkestingsval. Senterpartiet har som målsetting at vi skal gjere eit betre val enn sist – då vi fekk 8,0 % av røystene. Skal denne målsettinga nåast må det gjerast ein god valkamp i heile organisasjonen. Senterkvinnene skal gjere sin del av jobben, og eg håpar alle vil delta – kvar på sin plass. Landsstyremøte vedtok ein politisk “valkampplattform” på 9 punkt som vi ser som viktige i tida framover. Dette er saker som Senterkvinnene skal ha eit særleg fokus på, og som vi vil prøve å få merksemd om i valkampen. Her er mange gode saker som kan takast tak i, og eg oppmodar om at de som Senterkvinner set desse sakene på dagsorden – både i eige parti og i media. (Valkampplattformen er vedlagt denne e-posten som eige dokument).

Bilde: Andreas H. LundeI førre nummer av medlemsavisa “Sentrum” var det bilde av alle Senterpartiet sine førstekandidatar ved kommune- og fylkestingsvalet. Ei flott forsamling… - men med alt for få kvinner. Berre ca. 25 % av toppkandidatane er kvinner!! Eg skulle ynskt at dette talet var langt høgare, og her har vi ein jobb å gjere fram mot neste nominasjon og neste val. Sjølv om vi skulle hatt fleire kvinnelege ordførarkandidatar så er det mange kvinner på listene, og eg håpar at årets val vert eit Senterkvinneval. Målsettinga mi er at når opptellinga er ferdig har vi fleire Senterkvinner i kommunestyre og fylkesting enn nokon gong!! Når dette er sagt så stiller vi med mange dyktige kandidatar (både kvinner og menn) rundt om i heile landet, og eg både håpar og trur at mange vil nytte SP si liste ved valet – fordi vi har ein god politikk, og fordi vi har gode kandidatar.

Senterpartiets Landsmøte bestemte at skal Senterkvinnene ha full representasjon og alle rettar i partiet, så må vi organisere oss med eigen fylkesorganisasjon i alle fylker. Dette er eit arbeid vi er i gang med, og målsettinga er at vi skal gjennomføre fylkesårsmøte i alle fylker før Senterkvinnene sitt neste landsmøte i april / mai 2012.

Senterpartiets Studieforbund har, på vegne av Senterrørsla, under oppstarting eit nytt demokratiprosjekt i Tanzania (sjå meir om dette på Studieforbundet si heimeside). Å arbeide for å styrke demokratiet rundt om i verda er noko som verkeleg gjev meining. Mange lir under dårlege levekår, manglande demokratiske rettar og kvinneundertrykking er dessverre utbreidd. Som samfunnsbeviste borgarar i eit av verdas rikaste land er det vår plikt å hjelpe våre medmenneske rundt om i verda. Prosjektet har som målsetting at kvinner på landsbygda i Tanzania skal få større påverknad over sine eigne liv, og korleis utviklinga i lokalsamfunna skal vere.

Nestleiaren vår – Wenche Skallerud – er oppnemnd som medlem i programkomiteen som skal utarbeide framlegg til nytt ideologi- og stortingsvalprogram for Senterpartiet. Arbeidet er no i startfasen, og det skal endeleg vedtakast på Senterpartiet sitt landsmøte i Loen i april 2013.

Senterkvinnene vil på sentralstyremøte vårt rett over sommaren legge opp ein plan for korleis vi skal arbeide med dette programmet. Wenche vil svært gjerne ha innspel til arbeidet i nemnda. Er det noko du er oppteken av som bør vere med i programmet – små eller større saker – så send ein e-post til Wenche på wenche.skallerud@tromso.kommune.no

Når dette vert skrive har vi nettopp feira jonsok her på Jølster, store delar av folket har vore på ein fantastisk tur med Hurtigruta og NRK2 og no håpar vi på at det skal bli godt sommarvær over heile landet. Sjølv har eg starta på ferien, og gledar meg til å bruke tid saman med familie og vener. Eg vil ynskje kvar og ein av dykk ein riktig god sommar ☺ - og lukke til med valkampen til hausten!

 

 

Med helsing
Bjørg
leiar i Senterkvinnene

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut