Ansvar og fridom
Fellesskap og fordeling
Forvaltning, verdiskaping og berekraftig utvikling
Folkestyre og desentralisering
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Senterpartiet sitt mål for det politiske arbeidet er å utvikle eit samfunn av frie sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for natur og miljø. Skal den einskilde kunne verkeleggjere draumane sine, må vi ha nærmiljø som er laga av og for enkeltmenneske og der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Samtidig må rettene til den einskilde sjåast i lys av rettane til andre. For stor fridom for nokon fører til mindre fridom for andre. Gode lokalmiljø i by og bygd er prega av samvirke, skaparevne og stor grad av jamstilling mellom ulike grupper. Senterpartiet vil at Noreg skal byggje framtida på den kristne og humanistiske kulturarven. Partiet sitt menneskesyn har utspring i det kristne verdigrunnlaget og humanistiske verdiar i pakt med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverdet er overordna alle andre verdiar. Senterpartiet ser heim og familie som ei grunnleggjande sosial eining og vil sikre ekteskapet si stilling i samfunnet.
Ideologien til Senterpartiet byggjer på ideane om ansvar, fellesskap og ei langsiktig og berekraftig forvalting av naturen og miljøet. Eit levande folkestyre og desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetjing er grunnleggjande element i Senterpartiet sin politikk.
Senterpartiet vil ha fridom for enkeltmennesket. Alle skal ha likeverdige høve uavhengig av kjønn, alder, seksuell orientering, funksjonsnivå, sivilstand, buplass, livssyn og etnisk tilhøyrsel. Rammene om den personlege fridomen er det ansvaret og dei pliktene den einskilde har som medlem av eit fellesskap. Alle har medansvar for å medverke til å skape gode lokalsamfunn gjennom arbeidsliv, kultur, organisasjonsliv og det sosiale fellesskapet.
Senterpartiet ser på enkeltmennesket som ukrenkjeleg. Individet har visse rettar i kraft av å vere eit menneske og borgar. Staten skal sørgje for at enkeltindivida har det vernet og tryggleiken som einkvar har krav på i ein rettsstat. Senterpartiet meiner det er fellesskapet sitt ansvar å sørgje for at kvart individ får oppfylt rettane sine som borgarar i samfunnet, og at fellesskapet stiller opp for dei som har behov for hjelp. I eit fellesskap må også ressursane fordelast slik at alle har likeverdige sjansar til å skape seg eit godt liv. Senterpartiet står for ei utjamning av ressursar og levekår mellom samfunnsgrupper, mellom landsdelar og mellom rike og fattige land. Senterpartiet ser det ikkje som noko mål at stat og kommune skal ta seg av ei kvar fellesoppgåve som skal løysast, mykje kan løysast på ein god måte i rommet mellom marknad og det offentlege.
Senterpartiet ser mennesket og naturen i eit langsiktig forvaltarperspektiv. Dei store naturrikdomane landa vårt har, gjev oss eit grunnlag for verdiskaping og sysselsetjing som vi må ta vare på for komande generasjonar. Næringslivet medverkar avgjerande til å skape vekst og velstand og skal også i framtida få gode rammevilkår. Jorda, som vi har arva av forfedrane våre, skal vi forvalte for etterkomarane våre. Utviklinga skal vere berekraftig og langsiktig, og omsyn til naturgrunnlag og miljø må derfor overordnast kortsiktige omsyn. Vi må forvalte verdiane slik at etterkomarane våre får same tilgang til reint vatn, reint hav, rein luft og ei dyrkbar jord som vi har hatt.
Senterpartiet vil ha eit samfunn prega av debatt og deltaking frå alle innbyggjarane. Vi vil ha sterke, demokratiske institusjonar som kan tryggje interessene til individet og fellesskapet og medverke til fordeling og problemløysing. Samtidig må offentleg sektor vere open, ha god service, minimalisert byråkrati og enkle system. Nærleik, oversikt og kort avstand mellom dei som fattar vedtak, og dei som vedtaka gjeld, er føresetnader for eit levande og aktivt folkestyre. Senterpartiet vil derfor desentralisere makt og avgjerder slik at flest mogeleg kan ta del i viktige avgjerder og medverke til samfunnsbygginga. Senterpartiet ser det som vesentleg at eigedomsrett og kapital er spreidde på mange hender.
Varig fred mellom folkeslag og nasjonar byggjer på gjensidig respekt for ulike kulturar og levesett. Det internasjonale samarbeidet må vere tufta på respekt for kvar enkelt nasjon sin kultur og eigenart, men menneskerettane, sosial utjamning, folkestyre, og omsynet til ei berekraftig utvikling må liggje til grunn for internasjonal politikk. Vår nasjonale sjølvråderett er grunnlaget for eit aktivt internasjonalt engasjement.