Til forsiden


Ambjørg Sælthun. Fødd 27.07.1922, døydde 02.01.2012

Til minne om Ambjørg Sælthun

[05.01.12 13:54] Tidlegare stortingsrepresentant, Ambjørg Sælthun frå Lærdal, døydde 2.januar, 89 år gamal. Ambjørg Sælthun var den første kvinna frå Sogn og Fjordane som vart valt til fast stortingsrepresentant.


Minneord - Ambjørg Sælthun

Ambjørg la ned ein stor innsats for Senterpartiet og ho vil bli hugsa av oss for det arbeidet ho gjorde.
 

I likskap med så mange av oss, starta hennar politiske engasjement lokalt. Alt i 1959 vart ho medlem av skulestyret i Lærdal, der ho sat fram til 1971. Kampen mot skulesentraliseringa var hennar hjartesak. Etter kvart vart ho rikspolitikar. Ho fekk tene veljarane i Sogn og Fjordane som ombodskvinne på Stortinget i heile 13 år. Men ho var ikkje utelukkande oppteken av Sogn og Fjordane-saker, tvert om, ho var rikspolitikar i ordets rette forstand.

Ho var den fyrste kvinnelege Stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane, og dei som fekk jobbe saman med henne sa at ho også var bærar av andre verdiar enn det som var dei tradisjonelle av Stortingsrepresentantar for vårt fylke

Ho markerte seg i tre av komiteane. Ho var fyrste vararepresentant for Sogn og Fjordane Senterparti i 1969-1973 og kom inn på Stortinget då John Austrheim vart samferdsleminister i Korvald-regjeringa.

I 1973 kom ho inn som fast representant, fyrst i Kyrkje- og undervisningskomiteen, frå 1977 i Sosialkomiteen og frå 1981 i Forsvarskomiteen.


Ambjørg markerte seg på Stortinget. I ettertida sitt lys må ein kunne seie at ein av trådane i engasjementet hennar var den Gruntvigske arv. Mellom anna var ho ein varm tilhengjar av folkehøgskulane og deira plass i skuleverket. Ambjørg brann også for andre delar av det vi i dag kallar frivilleg sektor og organisasjonsliv. Og tradisjonskultur og målrørsla som ein del av dette.

Vidare var ho i sosialkomiteen oppteken av kåra som sjukepleiarane hadde på denne tida.

For den vanlege innbyggjar, kan det verke som om det er langt mellom eit skulestyre i Lærdal på slutten av 1950-talet til Forente Nasjonar si generalforsamling på byrjinga av 1980-talet. Men Ambjørg Sælthun meistra båe oppgåvene med bravur. Til Sunnmørsposten i 1980 sa ho at ho fann seg til rette i si teneste for FN i New York.
– Skyskraparane gjorde teneste som fjell. Eg måtte strekkje nakken for å sjå himmelen... akkurat som heime, sa ho den gongen.

Det å vere med i politisk arbeid anten det er lokalt eller nasjonalt, er ei flott moglegheit – men ber òg med seg utfordringar; vanskeleg val og avvegingar som ikkje alle nødvendigvis blir tilfreds med, tøffe diskusjonar med politiske med- og motstandarar. I denne tida kunne nok også det å vere kvinne i ein mannsdominert bransje vere utfordrande i seg sjølv.

Dei som fekk jobbe saman med Ambjørg seier at ho var kvinne nummer 1 frå Sogn og Fjordane på meir enn ein måte. Ho var aktiv rundt i partiet, i kvinnerørsla. Mellom anna vert det fortalt at ho var tydeleg på at den tids regjering si oppgåve var å føre stortingsfleirtalet sin politikk og ikkje at stortinget si oppgåve var å sikre fleirtal for regjeringa sin politikk. Ein aktuell diskusjon også i dag, veit dei som fylgjer med. I EU –saka var ho framsynt og tydeleg.

Ho blir beskrive som modig, sterk og ei kvinne som ikkje var redd for å stå ved meiningane og verdiane sine.
 

No er det vi i Senterpartiet som tek avskil med ei som har betydd mykje for partiet si utvikling frå 1970-talet og fram til i dag. Det er med takksemd vi lyser fred over minnet til Ambjørg Sælthun.

 

 

Av Erling Sande,

Stortingsrepresentant

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut