Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Rogaland  / Stavanger 


Bjarne Kvadsheim, Gruppeleiar i Senterpartiet:

Politisk vilje til å styre

[24.01.12 06:44] Senterpartiet har mål for korleis vi ønskjer det norske samfunnet skal utvikla seg. Gjennom å vera tydelege på desse måla, gjev vi veljarane våre klare signal på kva samfunnsutvikling vi vil ha.


Av og til kan det nesten verka som at det er eit skjellsord å vera tydleg på kva mål ein har for samfunnsutviklinga i Noreg. Når til dømes Senterpartiet sin stortingsrepresentant Geir Pollestad på årets Sola-konferanse tek til orde for at Senterpartiet i større grad ønskjer at den komande veksten innan oljenæringa skal koma også andre regionar til gode, så blir det at enkelte aviser nesten framstilt som kommunistisk tankegods. Omkvedet er at veksten og næringslivet ikkje lar seg styre. Det som skjer det skjer. Men er dette eigentleg sant? Er det ikkje slik at mykje av utviklinga og dagens samfunn er eit resultat av politiske vedtak.

Formannskapslovene i 1837
Dette året kan vi feira at det er 175 år sidan formannskapslovene i 1837 blei vedtekne. Formannskapslovene som seinare har blitt reviderte og utvida i fleire omgangar la grunnlaget for det kommunale sjølvstyre. Det var nemleg slik at sjølv om grunnlova av 1814 var langt framme i si tid med omsyn til folkestyretanken og demokratisk idear, så  gjaldt dette først og fremst med omsyn til det som skjedde på Stortinget. Byar og bygder blei framleis styrte av embetsmannstyret. Folk hadde med andre ord liten innverknad på korleis dei ville at utviklinga i sin region skulle vera.
Dermed blei det stort sett bøndene på Stortinget som tok initiativet og blei drivkrafta for det lokale sjølvstyre og at formannskapslova blei vedtatt. Min eigen tipp-tipp-oldefar, Ole Gabriel Ueland, var ein av drivkreftene som arbeide aktivt for at denne lova skulle bli vedtatt i Stortinget. Det kommunale sjølvstyret møtte sjølvsagt stor motstand blant embetsverket, men lova blei likevel vedtatt og folk kunne ta del i arbeidet med å styra sitt eige lokalsamfunn. Den som i dag vil hevda at denne styrte utviklinga har vore negativ, trur eg skal få store problem med å overbevisa oss andre om dette.
Spørsmålet blir då om vi framleis skal vera aktive pådrivarar for kva samfunn vi vil ha og korleis samfunnsutviklinga skal gå, eller om vi skal overlata styringa av samfunnet til storkapitalen og sterke organisasjonar.

Levande lokalsamfunn
Senterpartiet har ingen problem med å seie frå at vi vil vera eit parti som vil styra samfunnsutviklinga. Vi har eit program som er bygd på folkestyret og at vi vil at folkestyret skal ha stor innflytelse i samfunnsutviklinga. Vår klare motstand mot norsk EU – medlemskap er blant anna tufta på det at folkestyret blir svekka i ein union. Når Noreg, i motsetning til nabolandet vårt Sverige, har klart å halda i hevd levande bygder og lokalsamfunn i heile landet vårt, så er det ein vilja politikk. Senterpartiet har gjennom forhandlingar på Stortinget vore med og innført lovar, reguleringar og støtteordningar som har gjort det mogleg for folk å busetja seg i ulike delar av landet vårt. Sjølvsagt har dette ein kostnad, men eg vil hevda at gevinsten ved ei slik politisk styrt samfunnsutvikling har vore større enn det tapet ville blitt med fråflytta distrikt. Når så Senterpartiet seier at vi meiner utviklinga i oljenæringa og busetjinga i matfylket Rogaland må styrast, så er det fordi vi på lang sikt meiner at ei slik utvikling vil vera det beste for landet vårt som heilskap. Det er ikkje slik at det er ein fordel for oss i Rogaland at vi har ein ukontrollert vekst og ein vekst som ligg langt over det resten av nasjonen vår har.
Vi må ha som mål å gje gode velferdstilbod til alle, uansett kor ein bur.
Politikk er å ha vilje til å styra og til å ta ansvar. Senterpartiet er villige til å styra samfunnet og vi har som mål at vi skal vera tydelege ovafor veljarane, slik at dei som røyster på oss veit kva vi står for.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut