|
|
[26.07.11 06:01] Massakren på Utøya og bombeattentatet mot regjeringsbygga sist veke er eit åtak mot oss alle. Mange av våre ungdommar har bøta med livet. Ungdommar som ville kjempa for vår rett til ytringsfridom, toleranse, respekt og trua på demokratiet vårt.
Hendingane fredag 22. juli 2011 kom som eit sjokk på oss alle. Eg trur vi alle innerst inne ser på Noreg som eit godt land å leva i, eit land der retten til å seie kva ein vil og til å delta i ulike politiske organisasjonar er trygt nedfelt i oss. At desse viktige verdiane no på ein slik forferdeleg og heilt meiningslaus måte skulle bli angripne og råka på ein slik tragisk vis, framstår som uverkeleg.
Vårt demokrati er tufta på at folk engasjerer seg. At ein er villig til å søkje kunnskap, villig til å syne toleranse og at ein trur på det gode i mennesket.
Ungdommane i AUF som var samla på Utøya var alle gode representantar av slike verdiar. Difor er det så ufatteleg at nokon kan gå til angrep på unge menneske som berre ynskjer å gjera Noreg til eit godt og trygt land å bu i for oss alle.
Ord blei så fattige utover fredagskvelden etter kvart som alvoret i situasjonen på Utøya begynte å gå opp for ein.
TV, avisene sine nettsider og ikkje minst facebook blei nytta flittig til å halda seg oppdatert om utviklinga. Og sjølv om frustrasjonen og sinnet heile tida var der, så kunne ein også gleda seg over at mange av dei ein kjenner etter kvart gav livsteikn frå seg, som sønene til ordførarkandidat Cecilie Bjelland, bystyrerepresentant Arshad Mubarak Ali og Hilde Firman Fjellså. Men likevel, det er så alt for mange flotte ungdommar har måtta bøta med livet.
Vår statsminister Jens Stoltenberg sa det så godt. Vårt svar på desse åtaka skal vera meir openheit og meir demokrati. Vi skal ikkje la viktige verdiar som vi har i det norske samfunnet, gå til grunne på grunn av desse uhyrlege angrepa.
Men vi skal heller ikkje vera naive. Vi skal finne gode tryggingstiltak for å ta vare på dei verdiane vi byggjer samfunnet vårt på.
Det er tunge dagar som no står føre oss. Vi er eit lite land og eit lite folk. No treng vi å stå saman og vera gode medmenneske. Det gjeld å ikkje la dei øydeleggjande kreftene få overtaket.Våre tankar går no først og fremst til alle dei som har mista ein av sine kjære, og til AUF og Arbeidarpartiet.
I 1945, året krigen tok slutt, skreiv Halldis Moren Vesaas eit dikt som kan gje von og trøyst og som understrekar kor viktig det er å stå saman og vera eit medmenneske.
TUNG TIDS TALE
Det heiter ikkje eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi
Eig du lykka, så er ho ikkje lenger berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din.
må du ta på deg.
det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme i frå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da nokre få forfrosne at DU er varm.