|
|
[21.12.11 09:00] Nissedal Senterparti beklagar at kommunestyret ikkje var villige til å auke stillingen som spes.ped for barnehagane frå 30% til 50%. Ein auke på 20% som ville ha kosta omlag 80.000,- . Dette sett i lys av at kommunen fekk 2 millioner i skjønnsmidler fråFylkesmannen. Ein søknad der me peika på dei store utfordringane i barnehage og skule når det gjeld spesialpedagogikk.
I det same møte ba eit fleirtal Rådmannen om å få tilbake ei sak om å bygge trimrom påfleirbrukshuset. Samt bruke av 750.000,- av fond for å finansiere oppstart av bustadfelt Tveitsund i kombinasjon med eit låneopptak på 750.000. Samt gi skulebytte for to elevar til Gjerstad med ein kostnad på 50.000,- pr år pr elev.
Nissedal er med det utan fond. Me må fokusere på kva tenester kommunen skal gi, kva oppgåver me skal løyse. Me må prioritere tiltak som vil gi innsparingar. Som å forebygge og få ned prosenten på barn med spes.ped. All forskning fortel om tidleg innsats og forebygging.
Skal Nissedal kommune drive gratis helsestudio i sentrum eller gi barnehagebarna i kommunen lovpålagt spesialundervisning?
Skal vi undergrave næringsutvikling ved å bruke skjønnsmidlene me har fått til å redusere spes.ped.behovet i kommunen til helsestudio?SP meiner det er på sida av kommunale oppgåver å byggje og drive helsestudio i økonomiske vanskelege tider. Me ser ein mogleik for private næringsaktørar til å gripe ein gylden mogleik til å utvikle ei næring, som kan vere grunnlag for ein arbeidsplass eller to.
Me fekk ikkje gjennomslag for å få ei sak tilbake til politisk handsaming om korleis kommunen best kunne nytte ressursane innafor helse ved å halde ein stilling vakant. Kunne me fått til å auke jordmorstillinga?Kunne me fått til å auke fysioterapeutstillinga? Kunne me fått til å auke helsesøsterstillinga? Det får me ikkje svar på. Posisjonen stemte det ned.
SP tar inn over seg at me er i opposisjon og kjem i mindretal i mange viktige saker. Me vil ynskje alle nissedølar ei god jol! Og eit godt nytt år!
Nissedal Senterparti
V/ kommunestyregruppa