[01.03.10 15:10] Senterpartiet i Møre og Romsdal vil at landbruket skal være ei bærekraftig næring for heile landet
Senterpartiet i Møre og Romsdal vil at landbruket skal være ei bærekraftig næring for heile landet, slik at:
- Vi får levande bygdesamfunn både for fastbuande og tilreisande.
- Noreg skal, så langt som mogeleg, være sjølvforsynt med rein og god mat.
- Miljøet og kulturlandskapet blir forvalta til beste for kommande generasjonar.
- Det framleis skal skje verdiskaping og næringsutvikling i og om kring landbruket.
Hvis dette skal være mogeleg må vi auke inntektsnivået no! Inntekta i landbruket må komme opp på nivået elles i samfunnet.
Nokre av tiltaka kan vere:
- Styrka investeringstilskot
- Skattefrie fondsordningar og frådrag for kjøp av mjølkekvoter.
- Betre avskrivingsvilkår
- Generelle avgiftslette på blant anna gjødsel og drivstoff.
- Styrking av ”grøne” tilskotsordningar for å ta vare på kulturlandskapet,
også i dei marginale områda.
Regjeringa må sikre landbruket langsiktige og gode rammevilkår. Dette er ei trygging for å våge å satse for framtida.
Aktivt og levande landbruk er enda viktigare for bygdene og landet enn for kvar enkelt bonde.
Senterpartiet i Møre og Romsdal krev at at regjeringa tek ansvar for å berge landbruket før det er for seint!