Til forsiden
Resolusjon nr 4 frå Fylkesårsmøtet 2010:

Redningsselskapet - ein salderingspost for Regjeringa?

[01.03.10 15:04] Senterpartiet i Møre og Romsdal krev at Redningsselskapet sitt arbeid blir verdsett av regjeringa. Vi krev at statsstøtta til redningsselskapet kjem opp igjen på 2005-nivå, slik Redningsselskapet også ynskjer. Arbeidet som Redningsselskapet gjer er unikt og viktig, og den raud-grøne regjeringa kan ikkje fortsette å nedprioritere selskapet slik det har vore gjort dei siste åra!


 

Redningsselskapet får 42 millionar kroner i 2010. Dette er 18 millionar mindre enn dei fekk i 2005. Drifta av selskapet sine båtar er ikkje blitt billigare, men tvert om har kostnadane auka. I dei siste åra har også dieselprisen gjort at budsjetta til Redningsselskapet er blitt pressa endå meir. Ein reduksjon på 18 millionar gjer det vanskeleg for Redningsselskapet å halde aktiviteten på dagens nivå. Selskapet har redusert veldig mykje innan administrasjon dei siste åra for å verne om skøytene, men dei neste åra er det drifta av båtane som står i fare for å bli redusert om dei ikkje klare å snu underskot til overskot.

 

Redningsselskapet har i dag 38 båtar i drift, av desse er det 14 skip som blir drivne på frivillig basis. Redningsselskapet redda heile 84 skip og 26 liv  i løpet av 2008. Dei assisterte heile 6400 skip/båtar, noko som syner viktigheita av arbeidet dei gjer, både for tryggleiken for dei som har sitt arbeid på sjøen, og for dei som nytter sjøen til ferie og fritid.

 

Regjeringa har styrka satsinga på kystvaktberedskapen, men denne forma for beredskap er totalt sett mykje dyrare enn den unike kombinasjonen av frivillig og betalt redningsarbeid som Redningsselskapet gjer kvar dag. No må også det prioriterast!

 

Senterpartiet i Møre og Romsdal godtek ikkje at Regjeringa set sjøfolk sin tryggleik på spel når dei gjer opp statsbudsjettet. Redningsselskapet er så viktig at dei bør få same statsstøtte som i 2005. Eit sterkt redningsselskap basert på frivillig arbeid kombinert med lønna arbeid er ein unik arbeidsform som tenar samfunnet og tryggleiken til sjøfolka. 

 

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut