[01.03.10 15:07] Senterpartiet ser med uro på den aukande konflikten omkring rovdyr og beitedyr i utmarka.
Problema er så store at alt for mange bønder gir opp, med den følgje det har for utnytting av beiteressursane og attgroing av kulturlandskapet.
Deler av utmarka i vårt fylke er bestemt som yngleområde for jerv. Nokre kommunar i nordre delen av vårt fylke har no i tillegg til yngleområde for jerv, også fått status som yngleområde for gaupe. Dette er områder som har dei beste utmarksbeita i landet.
Senterpartiet støttar kravet frå beitenæringa i Trollheimen om at utmarka må få endra status frå yngleområde for jerv til å bli prioritert for beiting. Eit stort antal sau beiter framleis i desse områda.