Til forsiden
Resolusjon frå Fylkesårsmøtet:

Småkraftverk og effektivisering av eksisterande kraftverk

[01.03.09 19:41] Senterpartiet i Møre og Romsdal ser utbygging av småkraftverk og ny teknologi i tradisjonell vasskraftproduksjon som svært viktig.

Senterpartiet krev at virkemiddelapparatet tilpassast ei raskare utbygging og at sakshandsamingstida blir vesentlig kortare enn i dag.


Utbygging av småkraftverk er ei viktig næring for distriktet vårt. Dette kan vere med på å styrke næringsgrunnlaget for grunneigarane. Også innanfor eksisterande vasskraftproduksjon kan det med enkle tiltak og ny teknologi gi meir produksjon ut på nettet. Samla vil disse tiltaka være viktige bidrag til å betre kraftsituasjonen i Midt-Norge.

Ein flaskehals er sakshandsamingstida av slike saker. Dette må prioriterast.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut