Til forsiden
Resolusjon nr 5 frå Fylkesårsmøtet 28. februar 2010:

Ungtransport- ei utviding av ”Heim for ein 50-lapp”

[01.03.10 15:01] Senterpartiet i Møre og Romsdal meiner det bør bli ei utviding av dagens ordning med ”Heim for ein 50-lapp». Ungdomsråda i kommunene skal kunne søkje fylkeskommunen om støtte til ”ung transport”, for å skape trygge transporttilbod på stadar der kollektivtilbodet er mangelfullt på kveldstid.


 

I dag har vi eit kollektivtilbud mellom dei store stadane, men på plassar med få innbyggjarar er dette tilbodet svært dårleg. Senterpartiet vil gje ungdom frå desse plassane ei moglegheit til å lage seg ei bestillingsrute som går for eksempel ein kveld annan kvar veke. Ei slik ordning vil vere ei utviding og ei styrking av dagens ”heim for ein 50-lapp”

Ungdomsulykker er eit aukande problem. Vi ser dei siste åra at ulukkesstatistikken går ned, men at ungdomsulukker med døden som følgje stig. Senterpartiet meiner at eit slikt tryggingstiltak kan være med å redusere dei tragiske ulukkene blant ungdom. ”Ungtransport” vil også gjere at det blir enklare å være ungdom på bygda der bussane sluttar å gå før kl 1600.

”Ungtransport” skal vere eit tilbod som ungdomsråda arbeider med, og det skal være ungdomen sjølve som tek initativ til å søkje om pengar til dei ”rutene” som dei meiner er viktig for at dei skal kunne komme seg heim frå arrangement i sentrum. Sogn og Fjordane har kalla denne ordninga for samferdslemillionen, og det har vore ein stor suksess for ungdom som treng transport på kveldstid. 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut