Til forsiden

Valgprogram

[12.09.06 00:00]


Til innbyggjarane i Gol

Me har ein fin kommune, og me  har mykje  fint å ta vare på. Me vil at Gol også i framtida skal vera ein god kommune å bu i. Me i Senterpartiet skal gjera så godt me kan for at det service- tilbodet me har, skal bli halde vedlike. Men den økonomiske situasjonen i Gol Kommune gir ikkje rom for dei store lovnader for komande periode.

1.   Me vil ha ei levande bygd.

2.      Friviljug arbeid skal verdsetjast av Gol Kommune.

3.      Gol SP vil at skulen skal vera eit satsingsområde for Gol Kommune

4.      Kommunen må vera ein aktiv medspelar for næringslivet.

5.      Me må arbeide for at me kan ha ein open dialog mellom bygdefolk, politikarar og tilsette i Gol Kommune.

 

Ei levande bygd.

Barnehagar:
Gol Senterparti vil  halde på dei barnehagane me har i dag.

Skulen:
SP vil ha to barneskular i Gol, Gol skule og Herad skule.

SP vil satse på å utvikle grunnskulen i Gol ved å:

      Styrke rammetimetalet, løyve midlar til ekskursjonar, fornye utstyr og materiell,la elevane

      få meir dagleg fysisk aktivitet og gratis frukt.

Friviljug organisasjonsarbeid ? ein verdifull ressurs.

SP vil stø alt positivt friviljug organisasjonsarbeid.

SP vil prioritere Hallingmo og Samfunnshuset som samlingsplass for ungdom,med høve

      til ymse aktivitetar og ein alkoholfri serveringstad .

SP vil gå inn for vidare utvikling av Fuglehaugen og stø arbeidet med storhall i

      samarbeid med næringslivet i regionen.

Bustadpolitikk

SP vil  ha spreidd  busetnad i grendene. Me vill ha ungdomsbustader sentralt. Sone 7 skal framleis nyttas til bustader.

Gangvegar
Gangvegane i Engene og frå Spildra må prioriterast høgt.

Helse
SP vil fylle opp eksisterande stillingar ,fylgje opp planen for psykisk helsevern,

og byggje omsorgsbustader for handikappa.


Næring

SP vil ha ei langsiktig utvikling av av næringslivet ved å skaffe nok areal  og raskare planarbeid. Bergasida kan bli framtidig næringsareal.

Landbruk
Bu- og driveplikta er eit mål og eit verkemiddel for å  kunne ha  busetnad i heile bygda. Handlingsplanen for landbruket må realiserast.. Næringsfondet må nyttast for å ta vare på kulturlandskapet.

Handel
SP vil få ferdig området rundt austre innkjøring til Sentrum, revidere sentrumsplanen og oppretthalde eit opent landskap i sentrum.

Reiseliv
SP ser reiselivet som sers viktig, og vil ha godt samspel mellom Gol kommune, næringa og landbruket. God landskapspleie og varierte kulturtilbod skaper attraktive reisemål. Sluttføre arbeidet rundt Hesla fossen.

 

Administrasjon,politisk organisering og arbeidsmiljø

Den nye kommunale organisasjonsmodellen må evaluerast i slutten av komande periode.

SP tek arbeidsgjevaransvaret på alvor, og vil ha eit godt arbeidsmiljø for tilsette i  kommunen. Dette er viktig for å halde på gode arbeidstakarar.

For å auke interessa for politisk arbeid, vil SP gje gode vilkår for deltaking  i lokal-

politikken, med ekstra tilbod for småbarnsforeldre.

Saker som Gol SP vil det skal arbeidast med overfor Storting og Regjering:

  • Påverke sentralmakta til å føre ein positiv landbrukspolitikk, og  gje vilkår for spreidd busetnad i heile kommunen.
  • Gje kommunane betre økonomi,  m.a ved å la kommunane få  ha  2 %  meir av skatte-inntektene i kommunen, enn i dag.
  • SP vil koma med framlegg om serlege tiltak for å gjera det lettare for småbarnsforeldre å ta del i politisk arbeid.

Framlegg til sams programpostar for SP i Hallingdal:

1.      SP vil satse på forpliktande interkommunalt samarbeid i Hallingdal på ymse område.

2.      SP vil arbeide for å opprette eit regionalt næringskontor for Hallingdal.

3.      Hallingdal Sjukestugu må utviklast vidare.

4.      NSB må bli meir kunderetta når det gjeld transporttenester i Hallingdal.

5.      Få fortgang i bygging av gang- og sykkelvegar i Hallingdal.

6.      Vegprosjektet Sokna-Ørgenvika må gjennomførast.

 

Gol SP vil heller ha eit forpliktande samarbeid mellom kommunane, framfor å få kommunesamanslåing.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut