Innstilling klar frå valkomiteen i Senterpartiet: - Attval av Senterpartileiinga

- Eit samla parti ynskjer attval av heile toppleiinga i Senterpartiet, av både Trygve, Ola og Anne Beathe, seier leiaren i partiets valkomite Olav Urbø.

Olav Urbø er leiar av valkomiteen i Senterpartiet
Olav Urbø er leiar av valkomiteen i Senterpartiet


- Senterpartiet jublar slik over måten dei kjempar mot regjeringa sin sentralisering av til dømes politi, kommunar og regionar, at ingen andre kandidatar har vore diskutert til toppleiinga. Trygve, Ola og Anne Beathe utfyller kvarandre og dei samlar Sp-laget på ein særs god måte, seier Urbø, som presenterte valkomiteens innstilling til nytt sentralstyre på ein pressekonferanse i Oslo fredag 17. februar.
 
- Når det gjeld resten av sentralstyret så er det kontinuitet og stabilitet som gjeld. Dei fleste av sentralstyret sine medlemar har og sete kun ein kort periode. Det har ikkje kome fram ynskjer frå organisasjonen på store skifter, seier Urbø.
 
- Etter ein grundig og god prosess i valkomiteen er vår klare konklusjon at styret fungerer godt som kollegium. Sentralstyret utfyller kvarandre på ein god måte både når det gjeld politikk, fagområder, organisasjon og reint menneskeleg. Dei få endringar som valkomiteen innstiller på gjer at sentralstyret får tilført meir kompetanse på kyst- fiskeripolitikk, seier Urbø.


-  Sentralstyret i Senterpartiet har lagt eit solid grunnlag for ei vidare positiv utvikling av partiet både politisk og organisatorisk. Det er derfor eit offensivt sentralstyre med ein svært populær leiar Trygve Slagsvold Vedum i spissen, som valgkomiteen no innstiller til attval på, seier Olav Urbø, som legg til at heile innstillinga frå valkomiteen er einstemmig.
 
Valgkomiteens forslag til sentralstyret 2017-2019 (alle valg er for to år):
Leder:                         Trygve Slagsvold Vedum, Hedmark                                    gjenvalg
1. nestleder:                Ola Borten Moe. Sør-Trøndelag                                           gjenvalg
2. nestleder:                Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, Akershus                  gjenvalg
Styremedlemmer:       Bengt Fasteraune, Oppland                                                  gjenvalg
                                    Sigrid Brattabø Handegard, Hordaland                                gjenvalg
                                    Kathrine Kleveland, Vestfold                                               gjenvalg
                                    Gro Anita Mykjåland, Aust-Agder                                       gjenvalg
                                    Bjarne Undheim, Rogaland                                                  gjenvalg
                                    Ivar B. Prestbakmo, Troms                                                   ny
 
 
Vararepresentanter:
Geir A. Iversen, Finnmark                                         ny
Karoline Bjerkeset, Sogn og Fjordane                      gjenvalg
Tomas Iver Hallem, Nord-Trøndelag                       gjenvalg
Kari Anne Sand, Buskerud                                       ny
Bjørg Sandkjær, Oslo                                                gjenvalg
Tron Kallum, Østfold                                               ny
 
Repr. Senterkvinnenes styre:         Bengt Fasteraune, Bjarne Undheim, vararepr.
 
Repr. Senterungdommens styre:    Gro Anita Mykjåland, Kathrine Kleveland, vararepr.
 
Desse møter og som sentralstyremedlemer med fulle rettar, men er ikkje på val på Senterpartiets landsmøte:
Leiar i Senterungdommen: Ada Johanna Arnstad
Leiar i Senterkvinnene: Beate Marie Dahl Eide
Leiar i Senterpartiets Studieforbund: Ivar Odnes
Parlamentarisk leiar: Marit Arnstad                                    
 
Valgkomiteen, som ble oppnevnt på landsstyremøte 24. oktober 2014, har bestått av:
Olav Urbø, leder         Telemark
Karoline Fjeldstad      Østfold
Aud Hove                   Oppland          erstattet av Magnhild Strand, Oppland 17/1
Gerd Eli Berge           Buskerud
Oddbjørn Kylland      Aust-Agder
Arne Bergsvåg            Rogaland
Sigurd Reksnes           Sogn og Fjordane
Kari Anita Furunes     Nord-Trøndelag
Kjell Sverre Myrvoll  Troms
Ronja Garden             Finnmark
Ingrid Krogsæter        Senterungdommen
 
 

Venn tipset

Din venn er blitt tipset om denne artikkelen.

Tips en venn