|
Fylkestingrepresentant Alexander Fosse Andersen |
[10.12.11 15:24] Voss Senterparti hadde årsmøte 30. november 2011. Fylkestingrepresentant for Hordaland Senterparti , Alexander Fosse Andersen var på besøk og orienterte om aktuelle saker. Ordinære årsmøtesaker vart handsama, elles vedtok årsmøtet ein uttale om kommuneøkonomien.
Årsmøte vart halde 30.november 2011. Nye i styret etter Henriette Himle Istad og Kjell Bjarte Tveite som ikkje stilte til attval, er Lars Klyve og Jon Sindre Rødland, høvesvis som nestleiar og styremedlem.
Alexander Fosse Andersen som representerar Hordaland Senterparti på Fylkestinget, var med på årsmøtet og orienterte om aktuelle saker.
Årsmøtet vedtok denne uttalen om kommuneøkonomien:
Frie midlar ?
Gjennom media og det som kjem fram frå sentralt hald blir det heile tida framstilt som at no har kommunane fått meir midlar og rutta med. Dette vil då bli oppfatta som at no kan me breia om oss med nye tiltak og betre tenester.
Det med då opplever når statsbudsjettet er framlagt og me meg gjer opp status for Voss kommune er fylgjande:
Pensjon og lønnsauke frå 2011 og avsett til lønnsauke i 2012: 34 mill.
Samla inntektsauke frå staten: 23 mill.
Underdekning: 11 mill.
I tillegg kjem andre konsekvensar som nye tiltak
bla pålagt av staten, endringar i demografi, nødvendig vedlikehald
mm som er berekna til: 18 mill.
Det blir då heilt uforståande for oss som lokalpolitikarar når det blir framstilt som om kommunane nok ein gong har fått frie midlar til nye tiltak av regjering og sentrale politikarar. Om det er slik at no skal kommunane stramma inn så er vel det minste ein kan forventa at regjeringa seier det slik som det er. Og ikkje gir oss lokalpolitikarar og innbyggarane våre falske forventningar, og gjer det slik at det er kommunepolitikarane som blir sitjande att med svarteper.
Om Senterpartiet og regjeringa ynskjer ein politikk for distrikta er kommunen ein av dei vikigaste medspelarane i dette. Men med dei overføringane me blir stilt over for no, vil det ikkje vera mogeleg å ta distriktspolitiske omsyn i vår kommune. Strukturendringar må til og det vil i mange tilfelle seia sentralisering av tenestene våre i større einingar.
Dette er vår kvardag og skal Senterpartiet gjera eit betre val i 2013 må kommuneøkonomien styrkast langt utover det ein har sett til no.
VOSS SENTERPARTI