![]() |
[22.08.11 09:14] Skal ein kunne få god og miljøvenleg vasskraft ut på nettet må dette oppgraderast. Lokale, regionale og statlege nettselskap må visa vilje til oppgradering. Olje og energi departementet må snarast setja i gang eit arbeid for å påvirka dette i rett lei.
Nettilgang
Satsinga på miljøvennleg vasskraft er eit satsingsområde som har tverrpolitisk tilslutnad. For regjeringa er det i Soria Moria framheva som svært viktig. Dette er, og kan bli, ei viktig næring ikkje minst for distrikta. Ved utbygging av det rekna potensiale vil dette kunne gi ei verdiskaping på 70 mrd kroner. Viljen til utbygging er stor, og det er mange som ynskjer å satsa.
Men infrastrukturen er ikkje på plass. Slik det fungerar i dag vil utbyggjar kunne bli nekta tilgang, eller så vil oppgraderinga av underliggande nett bli lagt på utbyggar med store anleggstilskot. I mange tilfelle blir desse så store at det til dels undergrev det økonomiske grunnlaget for utbyggingane. Her må det inn midlar og større vilje frå dei ulike nettselskapa på landsplan og i lokal og regionalnett til å ta investeringar. Staten med OED i spissen må snarast setja i gang tiltak, som sikrar ei landsomfattande oppgradering av lokal og regionalnett, slik at denne miljøvenlege krafta kan koma ut på nettet.
Voss Senterparti