![]() |
[31.08.11 15:07] Voss SP ynskjer ei eldreomsorg med utbygging av omsorgsbustader i tilknyting til sjukeheimane, med god samordning slik at dei eldre kan kjenna seg trygge og få den hjelpa dei treng. Førbyggjande arbeid og bruk av Hagahaugen er òg viktige element i framtidas eldreomsorg på Voss
Eldre omsorg
Det er i diskusjonen, ikkje minst nasjonalt stort fokus, på sjukeheimsplassar. Og det har vore overbelegg på sjukeheimane her på Voss siste åra. Dette skulle vel tilseia at me treng fleire. Men ein del av ynskja om sjukeheimsplass kan i mange tilfeller vera utryggheit i det daglege. Voss SP vil i fyrste omgang satsa på omsorgsbustader i tilknyting til institusjonane våre. For eksempel slik som på Framnes der private no ynskjer å satsa på utbygging. Samarbeid med private om slike utbyggingar helsar SP velkomen og det burde vera mogeleg ved fleire av institusjonane vår. Gjennom god samordning med institusjonane med inne og ute tenester i forhold til omsorgsbustader vil dette truleg kunna minka presset på sjukeheimsplassar. Ei slik omsorg vil falla godt inn i det som stadig har fått meir fokus, nemleg at førebygging er bedre enn reparasjon. I samhandlingsreformen er dette ein av grunntankane. Og med dei gode tilskota til omsorgsbustader som no regjeringa har lagt opp til trur eg at dette vil kunna gjennomførast på ein god måte. Men på sikt vil det nok vera nødvendig med fleire sjukeheimsplassar, og noko utbygging eller nytting av eksisterande fasilitetar som Haghaugen vil raskt kunna koma på plass om dette er nødvendig eller ynskjeleg og driftsmidlane er der.
Hagahaugen vil uansett ha ein sentral plassering i helse og omsorg , også for eldre i framtida. Og Voss SP støttar fullt opp om det skissert opplegget for bruken av Hagahaugen som adm la fram for FPL i førre møte der Hagahaugen skal bli eit fyrtårn innan folkehelse, førebyggjande arbeid og rehabilitering. Den gamle delen av bygget er òg svært interessant for ombygging til omsorgsbustader i tillegg til at me har eit tomt som kan utviklast vidare.
Alle desse planane er ein viktig del av samhandlingsreforma som skal ut i praksis i frå neste år og dette vil gripa sterkt inn i organiseringa av omsorg og pleie for eldre. Og fokuset er som før nemnd førebygging framfor reparasjon. SP ynskjer og styrka dette arbeidet og meiner at den nytilsette folkehelsekoordinatoren bør ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Det han bør arbeida med i forhold til dette feltet er meir samarbeid med friviljuge organisasjonar om aktivitetar for eldre, at eldre hjelper eldre, kulturtilbod og fysisk aktivitet. Ein innsats her vil heilt sikkert gi auka livskvalitet for mange og spara samfunnet for kostnader i framtida. Det blir òg gjort ein uvurderlig innsats av familie som tek seg av sine næraste. Dette er svært viktig, og omsorgsløn må prioriterast høgare.
I alle delar av omsorga er det viktig at kommunen har fokus på kvalitet, og undersøkingar visar at me i forhold til pårørande har gode resultat. Men det er svært viktig at me opprettheld fokus på dette og at den sosialiserande delen av omsorga og kontakten med pårørande får auka fokus både i institusjonane og i heimetenestene. Har sett ulike reportasjar om dette i bla Kommunal rapport at dette går ann å få til med endra organisering og fokus utan at det nødvendigvis vil ha noko auka kostnad.
Den viktigaste innsatsfaktoren innanfor dette feltet er dei tilsette, og undersøkingar viser at med auken i eldre, og liten rekruttering til faget vil dette bli ein av dei største utfordringane i framtida. Her har både fagorganisasjonar og me som arbeidsgjevarar eit ansvar i og marknadsføra desse yrka som interessante og meiningsfulle. Trur og me i dagens samfunn må vera meir opne for og sjå på ulike måtar og organisera arbeidsdagane på med turnusordningar, fritid og mogelegheiter for eigen utvikling.
Deltidsproblematikken vil òg vera ein viktig del av dette.
Viljen til ei god eldreomsorg er stor hjå alle partia på Voss, og eit godt samarbeid på tvers av politiske skilje liner om retning og organisering trur eg vil gi det beste resultatet. Ein diskusjon som berre går på privat kontra offentleg vil berre vera eit blindspor, men me må alle vera opne for å sjå på ulike måtar og organisera tenestene på både politikarar, tilsette, administrasjon og pårørande. Målet er vel likt for alle ei best mogeleg omsorg for alle som treng det.