Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland  / Voss 


Inntektslyft for landbruket

[08.09.11 15:08] Skal landbruket få ei positiv uvikling, er det einaste som hjelper eit inntektslyft! Inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper må tettast. Eit inntektslyft er også nødvendig dersom det skal verta attraktivt for ungdom å utdanna seg og gå inn i næringa.


Inntektslyft er naudsynt for landbruket!

Voss Kommune er den største jordbrukskommunen i Hordaland, men har i dei seinare åra hatt ein kraftig nedgang italet på mjølkeprodusentar, samtidig som tal landbrukseigedommar i drift og arbeidsplassar tilknytta næringa har hatt ei negativ utvikling. Sidan landbruket er ein viktig faktor for verdiskaping, utvikling og busetnad i bygda, er det viktig at det blir retta sterkt lokalpolitisk fokus på denne næringa.

Mat har me eit grunnleggjande behov for kvar einaste dag. I Noreg i dag, importerar me meir enn halvparten av det me et og i ein verden der ein snakkar om sterk befolkningsauke og matvarekrise i framtida, så har me eit nasjonalt og lokalt ansvar for å ta vare på landbruket. Dette for å oppretthalda produksjon av trygg, sjølvforsynt og lokal mat! På Voss spelar landbruket også ei viktig rolle for reiselivet og turismen i kommunen, med å halda kulturlandskap og levande bygder i hevd.

Landbruket er også ei viktig næring for sysselsetting i kommunen, i 2009 var sysselsettinga på om lag 550 årsverk i jordbruket direkte og 180 årsverk i tilknytta næringar som vidareforedling, omsetning maskiner, rådgjeving osv. Landbruket har også sysselsetting i attåtnæringar som turisme, nisjeprodukt, grøn omsorg m.m.

Skal landbruket få ei positiv uvikling, er det einaste som hjelper eit inntektslyft! Inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper må tettast. Eit inntektslyft er også nødvendig dersom det skal verta attraktivt for ungdom å utdanna seg og gå inn i næringa. Ifylgje SSB statistikkbanken var gjennomsnitt næringsinntekt i 2009 for jordbruket i Noreg kr. 136 300 og kr. 91 800 i Hordaland fylke. Det seier seg sjølv, at landbruket dermed ikkje er fyrstevalet ved val av yrke.

Ved Senterpartiet sitt landsmøte i år vart det vedtatt ein uttale, der ein stiller krav om at den nye landbruksmeldinga som skal leggjast fram, må verta starten på eit inntektslyft for næringa.

Her skal også andre parti ha sitt å seia, men det er lov å håpa at desse partia snart vaknar og at landbruksmeldinga som kjem, vil leggja positive føringar for framtida til landbruket.

Sjølv om nasjonal politikk i sterk grad styrer og påverkar utviklinga i næringa lokalt, så må ein gjera da ein kan, for å oppretthalda og støtta opp om næringa her i bygda. Ein føresetnad er å sikra gode rammevilkår for dei som driv aktivt landbruk og attåtnæringar i landbruket. Ei god rådgjevarteneste for landbruket må oppretthaldast, samtidig bør ein stimulera til aktiv bruk av tilskot og investeringsmidlar. Lokalpolitikarane og kommunen bør vera lydhøre for innspel og tiltak frå aktørar i næringa og opne for å gjennomføra dette i praksis. I denne samanheng bør ein vurdera eit tettare samarbeid mellom reiselivet og landbruket, då desse næringane har klare fellesinteresser av eit ope kulturlandskap og spreidd busetnad. Samtidig har kvar lokalpolitikar i kommunen eit ansvar for å yta press oppover i systemet hjå dei ulike partia, for ei positiv utvikling for landbruket, og dermed for Vossabygda også.

 

Godt Val!

Lars Klyve

8. Kandidat for

VOSS SENTERPARTI

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut