![]() |
[18.12.11 22:07] I kommunestyremøte 15.12.2011 vart 2012-budsjettet for Voss kommune vedteke. I byrjinga av budsjettdebatten fekk kvart parti høve til å presentera kvart sitt innleiings-innlegg. Vidare kan de lesa varaordførar Sigbjørn Hauge sitt innlegg.
Sjølv om me i dag legg fram eit budsjett i balanse er det heilt klart eit budsjett med ein del smertelege kutt me må ta, og med bruk av eingongskroner. Likevel trur eg at dette er eit budsjett me kan leva med på kort sikt. Men stadig utsetjing og ned prioritering av vedlikehald kan ikkje fortsetja.
Drifta vår er i ubalanse og ein må gjera noko. Viser då til verbalframlegget frå SV, AP og Sp der ein no ynskjer å ta tak i budsjett og økonomi styring mot 2013. Trur det er viktig at ein her er konkret og ikkje legg seg ut på store utgreiingar for heile kommunen, dei har me hatt mange av. Trur det er meir rett at me tek avgrensa områder for seg og knyter dette opp mot investeringane me ser for oss-
For det er klart at me heile tida vil stå framfor store utfordringar og krav både frå innbyggjarane og staten over kva kommunen skal stå til teneste med. Krav og forventningar ser ut til å berre auka år for år. Tykkjer difor at det er på sin plass at me overfor staten seier i frå om korleis me oppfattar situasjonen for vår kommune og sender ei lita påminning til dei. Utdelt uttale, håpar at flest mogeleg i kommunestyre kan støtta denne.
Frå nyttår får ein tilsett folkehelsekoordinator. Noko av det ein ynskjer at denne skal ta tak i, er å aktivisera eldre. Dette ynskjer ein at skal organiserast i lag med friviljuge lag og organisasjonar. Slike tiltak er framheva frå sentralt hald, og vil vera viktig ikkje minst i forhold til førebygging. Det kan vera midlar og henta her, om ein har noko og putta i potten sjølv. Difor har ein lagt inn 100 000 kr til dette.
Når det gjeld Jordalsvegen har ein sett ned ei nemnd som skal abeida med dette. Konsesjonssøknaden for kraftutbygging er no godkjent og sendt til NVE. Nemnda vil no arbeida vidare med avklaring av avtalar mot utbyggjar, mot andre kommunar og planlegging. Difor er det gledeleg at me no set av noko kr her som sjølvfinansiering, mellom 400 000 – 1 mill kan sparast årleg her om ein får sikker veg og kan legga ned skulen, denne summen blir då ein del av vår framtidige del av ny vegløysing. Dette kan forsera framdrifta i saka slik at ein kan vera klar med planar for vegen når NVE har godkjent søknaden.
Når det gjeld Idrettshallen har ein teke vekk kuttet som kunne ha ført til auka leige for idretten, me ligg alt høgt samanlikna med enkelte andre kommunar.
Det som er viktig framover gjennom året vidare er at ein fylgjer godt med på pengebruken i forhold til budsjetta, utviklinga på sjukefråværet og generell arbeids belastning. For det er heilt klart at med ein del kutt og reduksjon i stillingar vil dette føra til endra arbeidsmengd og andre prioriteringar for ein del tilsette.
Trur det er viktig her at alle er opne for nye løysingar og organisering på tvers av faggrupper og avdelingar. Det er òg viktig at me som politikarar prioriterer strengt kva som er viktig å ta tak i for administrasjonen, og at dei ulike utvala over nyttår legg gode planar for sakene i året som kjem.
Elles er det viktig og ikkje svartmala. Kommunen vil fortsatt kunna levera gode tenester på alle områder, med dyktige tilsette og god organisering. Det er elles stor aktivitet i kommunen, og det er generelt mange gode initiativ ein vil prøva å fylgja opp på best mogeleg måte, innanfor dei ressursane me har.