Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland  / Voss 


KOMMUNEVAL PROGRAM

[19.08.11 23:17] Programet for komande valperiode er vedteke og me har i programet prøvd å favna heile kommunen. Dei 4 viktigaste hovudsakene er: Kraftutbygging Raundalen, Opprusting Sundve skule, Ny barnehage sentrum og Evanger, Bygging av omsorgsbustader. Meir detaljer om programet finn du under Les meir


Les heile programet på denne sida under eller klikk på lenka til høgre for pdf versjon.

 

VOSS SENTERPARTI KOMMUNEVALPROGRAM 2011 - 2015

I NESTE PERIODE VIL VOSS SENTERPARTI PRIORITERA DESSE SAKENE ØVST:

 

  • KRAFTUTBYGGING I RAUNDALEN
  • OPPRUSTING SUNDVE SKULE
  • BYGGJA OMSORGSBUSTADER
  • BARNEHAGE SENTRUM OG EVANGER

 

LEVEKÅR

Arbeida for eit godt oppvekstmiljø for borna våre, ved å stimulera til eit godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn.Gode oppvekstvilkår som  skule, SFO og barnehagar i heile bygda, er viktig for busetnad og utvikling.

 

Senterpartiet vil:

  • Gjennomføra opprusting av Sundve skule
  • Leggja til rette for ny barnehage Sentrum og Evanger
  • Halda ungdomsrådet i gang som eit ledd i at ungdom er med og bestemmer og tar ansvar for eigen utvikling.
  • Satsa på IKT i grunnskulen
  • Ein desentralisert skulestruktur
  • Få på plass barnebustad og avlastningstilbod
  • Nytt symjebasseng ved ungdomsskulen

 

Eit godt og trygt nærmiljø er grunnlaget for førebyggjande helsearbeid. Dei eldre må få tilfredstillande hjelp når dei treng det – anten i institusjon eller heime.

 

Senterpartiet vil:

  • Leggja til rette for bygging av fleire omsorgsbustader gjerne i lag med private utbyggjarar. Omsorgsbustader bør i størst mogeleg grad byggjast i tilknyting til institusjonar.
  • Sikra drift av Hagahaugen til omsorg og helseførebyggjande tenester
  • Styrka tilbodet innan førebyggjande og heimebaserte tenester
  • At krisesenteret skal ha eit lokalt tilbod
  • Styrka tenestetilbodet innan rus og psykisk helsevern
  • Etablera møteplassar for eldre med kulturtilbod, gjennom auka bruk av friviljuge organisasjonar og friske eldre som friviljuge.

KULTUR OG MILJØ

Voss er ei rik kulturbygd. Eit aktivt lagsliv er grunnlaget for kulturarbeidet i kommunen. Sp sitt iniativ for ordninga med momskompensasjon ved utbyggingar av idrettsanlegg skal vidareførast i  samarbeid mellom kommunen og friviljuge organisasjonar.

Senterpartiet vil:

  • Auka driftstilskot til idrettslag, andre lag og organisasjonar, prioritert til barne og ungdomsarbeid
  • Vidareføra tilskot til vedlikehald og opprusting av idrettsanlegg
  • Finna areal til travbane
  • Legga til rette for etablering av motorsportssenter
  • Få ned ventelistene ved kulturskulen
  • Støtte opp om det nye ungdomshuset

 

All verksemd i kommunen skal ta omsyn til miljøet.

Senterpartiet vil:

  • Vera aktivt med for å utvikla anlegg for biobrensel, småkraft og andre miljøvenlege  energikjelder
  • At kommunen skal ha større fokus på miljø i si daglege drift.
  • Fylgja opp klima og energi planen. Kommunen bør i løpet av perioden gå til innkjøp av fleire elbilar.

 

SAMFERDSEL

Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for busetnad og næringsliv. Vegstandarden i alle deler av kommunen må vera slik at alle kan ha trygg og problemfri ferdsel. Voss som regionsenter er avhengig av gode kommunikasjonar til omlandet. Utviklinga av stasjonsområdet som eit samferdsels knutepunkt er i denne samanhengen svært viktig

Senterpartiet vil:

  • Arbeida for å løyva midlar til asfaltering, opprusting og vedlikehald av dei kommunale vegane
  • Arbeida for at E16 blir prioritert for løyvingar i Nasjonal Transportplan
  • Sikrare veg til Jordalen
  • Stø arbeidet med heilårsveg over Vikafjellet
  • Arbeida for opprusting av Vossebana og nye Bergensbanen, og at ein får betre og nytt materiell

 

BUSTADBYGGING/ AREALPLANLEGGING

Bustadpolitikken må ha som siktemål å skapa gode lokalmiljø. Arealplanlegging for næringsføremål skal prioriterast, og fokus skal setjast på rask sakshandsaming og næringsvenleg profil. Dyrka mark skal så langt det er mogeleg brukast til matvareproduksjon, dette for å sikra  arbeidsplassar i  landbruket og sikra produksjon av trygg, sunn og lokalmat.           

 

Senterpartiet vil:

  • Stø tilrettelegging av bustadfelt i alle deler av kommunen
  • Satsa vidare på spreidd bustadbygging der tilhøve ligg til rette for det
  • Stø ungdom i etablerar fasen med startlån
  • Få tilrettelagt nytt opparbeid næringsareal i alle deler av kommunen gjerne i lag med private investorar.
  • Utvikla Bømoen som eit viktig næring-, friluft og rekreasjonsområde

 

NÆRING OG TILTAKSARBEID

For ein turistkommune som Voss spelar landbruket ein avgjerande rolle gjennom å halde kulturlandskap og levande bygder i hevd. Voss Senterparti ynskjer derfor å ha ein målretta politikk for næringslivet, der ein legg til rette for nyetableringar og eksisterande næringsliv.

 

Senterpartiet vil:

  • Vidareutvikla Voss som turist og sportsstad – sommar som vinter.
  • Sikra gode rammevilkår for dei som driv aktivt landbruk.
  • Stimulera til aktiv bruk av tilskot og investeringsmidlar, både til attåtnæringar og til det tradisjonelle landbruket
  • Yta tilskot til skogkulturarbeid
  • Vera positive til utbygging av kraftverk i elvane våre
  • Prioritera ungdom som startar næringsverksemd
  • Rusta opp og vVidareutvikla Voss sentrum som eit aktivt regionsenter for handel og service
  • Arbeida for god dialog / kommunikasjon mellom kommune og næringsliv.

 

  • Ynskjer at kommunen skal ha eit godt samarbeid med reisleivsaktørar med leggja forholda til rette for besøkande turistar med tanke på skilting, parkering med meir.

 

 

 

Kva Senterpartiet står for nasjonalt:

 

Senterpartiet fører ein politikk som har som målsetnad å ta heile landet i bruk.

Me kjempar for at distrikta skal ha likeverdige tilbod som byane.   

Saker som er viktige for Senterpartiet i denne stortingsperiode er mellom anna:

Auka norsk matproduksjon, betring av rammevilkår for små og store bedrifter, satsing på klimavennlig energi, auka vedlikehald og investeringar på vegnettet, meir praktisk retta skule kvardag, nær og trygg eldreomsorg , Sp er ein garantist mot ny EU-søknad.

 

15/06/11

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut