Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland  / Voss 


Innlegg i Ordet fritt avisa Hordaland av Ordførarkandidat Sigbjørn Hauge:

KULTURMIDLAR

[13.08.07 17:14] Når ein skal vurdera Voss si kommunale satsing på feltet må ein hugsa på at ein har vore gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon. Blant anna har ein streva med å betala ned tidlegare års underskot. Heldigvis er det slik at me i desse dagar er strokne på ”svartelista” til fylkesmannen, og kan difor sjå fram til større økonomisk handlefridom.


 

Midlar til Kultur       

Dei økonomiske midlane Voss kommune bruker på kultur er nok ikkje blant dei beste i landet. Men ”kostra” tala Hordaland syner til, fortel vel heller ikkje heile sanninga.

Men når ein skal vurdera Voss si kommunale satsing på feltet må ein hugsa på at ein har vore gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon. Blant anna har ein streva med å betala ned tidlegare års underskot. Heldigvis er det slik at me i desse dagar er strokne på ”svartelista” til fylkesmannen, og kan difor sjå fram til større økonomisk handlefridom. Dette takka vera ei regjering, og kommunalminister Åslaug Haga, som satsar på kommunane.

Mi meining er difor at dette også skal koma kulturen til gode framover. Om det er fleire byråkratar eller nye planar som skal til, er eg litt usikker på. Har meir tru på og auka tilskotet og støtta opp under det friviljuge kultur og lagslivet. Men korleis ein best skal gjera dette må sjølvsagt koma fram i ein dialog mellom oss politikarar, organisasjonane og kulturlivet.

Voss Senterparti

Sigbjørn Hauge

Ordførarkandidat  

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut