![]() |
[31.08.11 15:36] Voss SP vil prioritera lagslivet spesielt for born og ungdom ved tildeling av kulturmidlar med ei auka satsing på idrettslaga våre.
Lagsliv, born og ungdom i Vossebygda.
Det aktive lagslivet er svært viktig for alle i heile bygda og spesielt for born og ungdom, ein bør difor prioritera dette, ved tildeling av kulturmidlar.
Eit aktivt lagsliv er grunnlaget for kulturarbeidet og har resultert i fleire spennande tilskipingar som har gjeve positive ringverknader for heile bygda. Eit aktivt lagsliv er også ein berebjelke og ein viktig faktor for oppvekstvilkåra til dei unge i bygda.
Gjennom idrettslag, andre lag og organisasjonar, får born og ungdomar moglegheit til å nytta fritida med sosiale og meiningsfulle aktivitetar som fotball, skiidrett, musikk, m.m.
Lagslivet er hovudsaklig basert på friviljug arbeid og enkelte eldsjeler. Ofte kan økonomien innan laget vera utilstrekkelig mens behovet for tiltak er skrikande.
Me i Voss Senterparti ynskjer difor ein auka satsing på idrettslag, andre lag og organisasjonar, prioritert til barne og ungdomsarbeid. Me ynskjer også å vidareføra tilskot til opprustning og vedlikehald av idrettsanlegg, då dette er ein viktig del av det kulturelle tilbodet i bygda.
Å støtta det friviljuge lagslivet, er ei satsing på heile bygda og ikkje minst på ungdomane og borna våre!
Godt val!
Lars Klyve
Listekandidat
VOSS SENTERPARTI