|
|
[06.06.11 13:00] Med ei nytting av Raundalselva til produksjon av vasskraft vil ein kunna få til ei positiv utvikling i dalen. Samstundes vil ein òg kunna bidra til meir miljøvenleg kraft. Difor ynskjer me i Voss SP og vera med og setja dette på dagsorden.
Meir miljøvenleg vasskraft
Vasskraft er etter mi meining ein av dei mest miljøvenlege energiformene me kan få. Me vert stadig fleire folk i Noreg og på jorda, med auka levestandar vil dette heilt sikkert krevja meir energi. Skal ein òg oppfylla kravet om nedgang i CO2 utslepp, frå i dag på 11 tonn pr person til 2 tonn pr person, vil energi produsert av vasskraft vera eit viktig bidrag for å nå desse måla.
Når dette samstundes kan hjelpa oss i lokale utfordringar innan samferdsel og utvikling på ein svært god samfunnsøkonomisk måte, vil det etter mi meining vera riktig å lyfta fram saka om Raundalsvassdraget. Det må vera lov at ein på grunnlag av lokale initiativ kan prøva å få endra sentrale vedtak som har vore tredd ned over hovudet på oss. Demokrati kan vel òg verka nedanfrå ikkje berre frå Oslo.
Utbygging som no er utgreidd er skånsam sjølv om ein del motstandarar prøver og framstilla dette som ei turrlegging av elva. Det vil bli stilt krav om minstevassføring, og synlege inngrep i naturen vil vera små. Når det gjeld den kommersielle nyttinga av elva, dvs rafting, har den òg med dei føreslåtte tiltaka vorten teke omsyn til.
Dette er frå min ståstad god distrikts, samfunns og miljøpolitikk sett også eit globalt perspektiv.
Voss Senterparti
Sigbjørn Hauge
Varaordførar/Ordførarkandidat