Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland  / Voss 


Skular og barnehage på Voss

[01.09.11 22:52] Det SP vil prioritera neste periode er opprusting av Sundve. Utvida kapasitet og ny barnehage sentrum. Evanger har særs dårlege lokale for barnehage og det må difor skje noko der òg. Det vil òg vera bra om me kunne ha fått etablert ein ute barnehage. Elles meiner SP at skulane i Voss må få ro neste periode slik at me beheld ein desentralisert skulestruktur.


Det SP vil prioritera neste periode er opprusting av Sundve. Utvida kapasitet og ny barnehage sentrum. Evanger har særs dårlege lokale for barnehage og det må difor skje noko der òg. Det vil òg vera bra om me kunne ha fått etablert ein ute barnehage.

Elles meiner SP at skulane i Voss må få ro neste periode slik at me beheld ein desentralisert skulestruktur.

Generelt meiner eg at ein av dei største problema med Norsk skule at det er for mange reforma og for mykje fokusering på stadig nye måtar og undervisa på. Dette er noko alle politiske parti har eit ansvar for. Ro på dette område er det skulen treng.

Det verkar og som det i skulen er vorte for mykje fokus, administrasjon og utfylling av skjema. Frå ein skule der det ikkje var fokus på prøvar, testar og målingar til det no verkar som dette er vorte hovudfokus. Dette er vel den velkjende pendelen som svingar sterkt ut før den roar seg på midten att. Voss SP meiner at kommunen bør ta ei vurdering av dette opp mot nasjonalt regelverk og kva me får ut av det. Men ei viss form for måling av resultat er nok nødvendig.

Voss SP vil at hovudfokuset skal vera på undervisning og læring. Det er òg svært viktig at ein i skulen har ei god kartlegging av elevane tidleg i utdanninga. Slik at dei som har lærevanskar får den støtta dei treng alt dei fyrste åra. Støtte tidleg i utdanninga er heilt sikkert mykje meir effektivt og gir betre resultat enn seinare. Samarbeid barnehage, skule og føresette er nøkkelord her, og det å ta i bruk gode metodar i kartlegging av elevane. Dette vil me prioritera.

Budsjett og økonomien til kommunen vil sjølvsagt ha myke å sei for kva tilbod me kan gi framover. Trur nok ikkje me kan forventa store auke, det vil difor vera viktig at skuleleiinga prioriterar strengt og heile tida vurdera korleis ein organiserar arbeidet. Og om det er slik at ein må prioritera mellom adm, utfylling av skjema og læring, skal læring prioriterast. Det er difor viktig at me som politikarar ikkje stadig ber om nye ting me vil ha utgreidd og få oversyn på.

Elles meiner SP at me har ein god miks av private og kommunale barnehagar. Og det er viktig at me vidarefører det samla barnehageinntaket slik at me på den måten får nytta ressursane på ein god måte.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut