|
|
[01.09.07 22:06] Den norske bustadmarknaden kan vera tøff for ungdom. Når unge folk skal etablere seg så er det økonomisk hardt for mange. Det kan vera forskjellige årsaker til det, ungdom med barn, studielån, lågt lønna osv.
Senterungdommen ønskjer å gjera det enklare for unge i etablerarfasen å skaffe seg ein bustad.
Ungdom og bustad
Den norske bustadmarknaden kan vera tøff for ungdom. Når unge folk skal etablere seg så er det økonomisk hardt for mange. Det kan vera forskjellige årsaker til det, ungdom med barn, studielån, lågt lønna osv.
Sjølv ungdommar med god inntekt, kan få det tøft med å finansiere sin eigen bustad fordi dei har for låg eigenkapital, dei har då ofte behov for kausjon eller pant i foreldra sin bustad.
Det faktum at yngre låntakarar har lågare eigenkapital enn eldre låntakarar ved bustad kjøp, gjer at dei har større lånebehov. Det fører til at unge låntakarar blir ekstra pressa ved renteauke eller dersom inntekta forsvinn.
På landsmøtet for Senterungdommen 2006 sende me ut resolusjonen :
”Hev BSU – grensene, no!
I dagens samfunn stiger bustad prisane dramatisk og mange unge har vanskelig for å komme inn på bustad marknaden. Senterungdommen ønskjer å heve den totale grensa for kor mykje ein kan spare i bustad-sparing for ungdom frå dagens 100.000,- til 200.000,- og heve den årlige sparegrensa frå dagens 15.000,- til 25.000;-. Med denne hevinga av sparegrensene håper me å stimulera til auka sparing blant unge og at det skal bli lettare for ungdom å komme seg inn på bustad marknaden utan å bli gjeldsslavar.”
Til informasjon, så er BSU er ein gunstig bustadsparing for ungdom, til og med det året ein fyller 33 år, som gir rett til frådrag i skatt og 1.prioritets pantelån.
I Hordaland så ønskjer me i Senterungdommen fleire studenthyblar i Bergen.
Slik som tilstanden er no, står studentar i kø og overbyd kvarandre for små rottehol!
Det fører til at andre innbyggjarar som har det tøft økonomisk, får problem med å skaffe seg ein bustad til ein overkommelig pris.
Fleire studenthyblar i Bergen vil altså komma til nytte for fleire i samfunnet, enn berre studentar.
Unge folk som skal etablera seg på Voss, har også behov for at nokon arbeidar for dei.
Voss Senterparti ønskjer å gjera det!
Lars Klyve
Styremedlem i Hordaland Senterungdom og Voss Senterparti