1. Senterpartiet trur på heile Noreg

Sp vil vidareutvikla eit livskraftig næringsliv og eit godt, likeverdig og offentleg tenestetilbod i heile Noreg uavhengig av kor ein bur. Vi meiner at alle skal ha reell fridom til å busetta seg der dei ynskjer.

2. Tenester nær folk

Sp meiner alle i landet har rett på gode tenester i nærmiljøet. Barnehage, skole, omsorg, helse, politi og kulturtilbod skal vere godt utbygd over heile landet. Vi vil ha gode nærmiljø i heile landet med nær folkevalt styring.

3. Tryggleik for deg og dine

Sp vil ha eit nært politi som er ute blant folk og som har god kompetanse om sitt lokalsamfunn. Eit lokalt politi som folk har tillit til og som kan jobbe førebyggande og oppdage kriminalitet på eit tidleg tidspunkt. Vi vil ha fleire politi nær folk i staden for sentralt byråkrati og meiner difor at politidirektoratet må leggas ned. Alle deler av landet må sikrast god beredskap.


4. Nei til sentralisering

Sp vil bygge samfunnet nedanfrå og vil derfor desentralisere makt, busetting, arbeidsplassar, kapital og kompetanse. Vi seier eit klart nei til sentraliseringa Høyre/FrP-regjeringa har forsøkt å gjennomføre på alle områder.


5. Norsk mat er trygg mat

Vel du norsk mat, får du kvalitet – og du støttar norske arbeidsplassar. Den norske maten er ein av dei tryggaste og reinaste i verda, med minimal bruk av sprøytemidlar og antibiotika. Folk vil ha trygg, sunn og kortreist mat. Norsk matproduksjon på land og på sjøen må styrkast slik at vi kan produsere meir mat til ei veksande befolkning og oppretthalde kulturlandskap og arbeidsplassar over hele landet.


6. Lokalt folkestyre

Sp vil ha eit samfunn der det er folket som bestemmer. Vi trur på eit folkestyre der folk involverast i avgjerd som gjeld dem. Eit levende folkestyre og gode lokalsamfunn gir folk tryggheit, tilhøyr og identitet. Den norske samfunnskontrakten, kor ein yter etter evne og kor fellesskapet stillar opp for den enkelte, forutset tillit mellom folk og eit levande folkestyre.


7. Nei til sal av Noreg

Sp seier klart nei til sal av norske natur­resursar til utlandet. Noreg er bygd opp med utgangspunkt i våre naturressursar i heile landet, både til lands og til vanns. Desse ressursane vart opp gjennom historia utvikla lokalt og nasjonalt og har bygd landet. Lokalt eid næringsliv fører til lokal verdiskaping og auka lokal og nasjonal velferd.


8. Ta naturen i bruk for eit betre miljø og klima

Sp vil at Noreg framleis skal ligge i tet i internasjonalt klima- og miljøarbeid. Sp meiner at aktiv forvaltning – ikkje passivt vern – er den beste måten å ta vare på naturen på. Som eit rikt, oljeproduserande land har Noreg eit særleg ansvar for å gå føre i arbeidet med klimaomstillinga.


9. Ja til eit sterkare forsvar

Vi må være rusta til å forsvare norsk territorium. Sp vil styrke alle forsvarsgreiner, ha eit verne­pliktig folkeforsvar og sikre lokal beredskap som er til stades i heile landet. Vi vil ha eit Heimevern på minst 50 000 soldatar. Vi vil grunnfeste vårt medlemskap i NATO, ha eit aktivt arbeid i FN og auke bevillingane til forsvaret til 2 prosent av BNP.


10. Nei til EU og EØS

Sp er for norsk suve­renitet. EU gir folkestyret dårleg­are kår. Senterpartiet vil erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtaler for å sikre våre interesser. Vi vil ta Noreg ut av Schengen-samarbeidet og gjeninnføre nasjonal grensekontroll. Senterpartiet er mot eit norsk EU-medlemskap.