PDF-versjon


1. Nær folk
Gode tenester nær folk gjer kvar­dagen trygg og føreseieleg. Alle har rette på gode tenester i sitt nærmiljø. Barne­hage, skule, omsorg, helse, politi og kulturtilbod skal vere godt utbygd i heile landet.

2. Heile Noreg
Senterpartiet vil vidareutvikle ei livskraftig næringsliv og eit god, likeverdig og offentleg tenestetilbod i heile Noreg, uansett kor du bur. Vi meiner at alle skal ha reell fridom til å busette seg der dei sjølv ønskjer.

3. Tryggleik
Dagens storstilte sentralisering av makt, tenester og arbeidsplassar skaper utrygge lokalsamfunn. Avstandane aukar, offentlege tenester vert sentralisert og beredskapen svekkast. Senterpartiet vil satse på beredskap, sikre lokale offentlege tenester og styrke forsvaret.

4. Klima
Klimatiltak skal ikkje skape større skilnadar mellom folk. Det er urettferdig at dei som har minst skal straffast hardast i klimaets namn. «Bruk framfor vern» er eit viktig mantra om vi skal klare å erstatte dei fossile energikjeldene. Gjennom omlegging i bærekraftig retning får vi høve til å utvikle ny norsk industri, teknologiutvikling og kompetanse.

5. Norsk mat
Vel du norsk mat får du kvalitet, tryggleik og klimavenleg mat. Den norske maten er den tryggaste og reinaste i verda, med minimal bruk av sprøytemidlar og antibiotika, og kort avstand til forbrukar. Norsk matproduksjon på land og på sjøen må styrkast slik at vi kan produsere meir trygg mat, nær folk.

6. Lokalt folkestyre
Senterpartiet vil ha eit samfunn der folket bestemmer. Vi trur på eit folkestyre der folk involverast i avgjerder som gjeld dei sjølv. Eit levande folkestyre og gode ­lokalsamfunn gir folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Difor kjempar vi mot tvangssamanslåingar av kommunar og fylke.

7. Forsvar
Noreg treng eit sterkt forsvar. Den samla beredskapen må styrkast i store deler av landet. Vi treng eit forsvar med både god lokalkunnskap og ei reell evne til å ­forsvare Noreg.
Difor vil Senterpartiet ha fleire Heime­verns­soldatar og gi meir pengar til ­forsvaret

8. Norsk verdiskapning
Til alle tider har vi i Noreg bygd verdi­skapinga og utviklinga vår på klok forvaltning av rike naturressursar. I ei stadig meir mobil verd som treng meir energi, råvarer, mat og teknologi står Noreg godt posisjonert til å vidareutvikle næringsliv og verdi­skaping i heile landet.

9. Norsk suve­reni­tet
Norsk arbeidsliv opplever stadig auka press frå EU gjennom EØS-avtalen. Denne avtalen svekker norsksuverenitet og truar rettane til norske arbeidstakarar. Noreg må ut av EØS-avtalen og Schengen-samarbeidet og igjen innføre nasjonal grensekontroll for å sikre våre interesser.

10. Tillit
Mange opplever at overdriven detaljstyring fjernar det faglege skjønnet frå arbeidskvardagen. Vi har tillit til enkeltmennesket og meiner at folk som får ansvar og handlingsrom vil arbeide for fellesskapets beste. Dei som har skoen på veit best kor den trykker. Senterpartiet ønskjer difor å gjennomføre eit tillitsløft i offentleg sektor.

---

FAKTA OM SENTERPARTIET

• Du kan røyste på Senterpartikandidatar i 353 av 356 kommunar ved årets val.
• 105 ordførarar og 95 varaordførarar
• Vi har hatt medlemsvekst 5 år på rad, og har no 19 698 medlemmar

Visste du at Senterpartiet var partiet med flest kvinnelege toppkandidatar ved valet i 2017?

Har du lyst til å bli med på laget og støtte opp om Senterpartiets verdiar og politikk?
• På Vipps kan du velje handle­korg­symbolet og søke «Senter­partiet» eller skrive inn «121711» og følgje rettleiinga der.
• Send SMS til 2360 med kodeord «SP» og du får til­sendt ei lenke du kan
registrere deg på.
• Er du under 30 år og ønskjer å bli med­­lem i Senterungdomen, bruk Vipps og søk etter «Senterungdom­men», skriv inn «116656» eller send SMS med kodeord «SUL» til 2360.