PDF-versjon



SENTERPARTIETS VERDIGRUNNLAG

Senterpartiet vil bygge samfunnet nedanfrå. Vi vil arbeide for eit samfunn der menneske kan utvikle seg fritt. Samfunnskontrakten skal oppfyllast av myndige menneske som tek ansvar for eige liv, for fellesskapet og for naturen. Senterpartiets verdigrunnlag er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar.

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gi folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Den norske samfunnskontrakt, kor du yt etter evne og kor fellesskapet stiller opp for den enkelte, føreset tillit mellom folk. Rettferdig fordeling, små skilnadar og sosial tillit heng tett saman. Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske skilnadar. Senterpartiet står for utjamning av ressursar og levekår mellom samfunnsgrupper, mellom landsdelar, og mellom rike og fattige land. Rettferdig fordeling oppnår vi best gjennom eit levande folkestyre, og desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetnad.


NÆR FOLK
Gode tenester nær folk gjer kvardagen trygg og føreseieleg.

Senterpartiet vil bygge samfunnet nedanfrå. Vi seier klart nei til sentralisering Høgre/FrP-regjeringa har prøvd å gjennomføre på alle område. Større er ikkje alltid betre. Det skal vere tilbod om offentlege tenester nær folk. Alle dei viktigaste tenestene skal vere tilgjengeleg der folk bur. Tilgang på barnehage, skule, eldreomsorg og sjukeheim er ein føresetnad for at lokalmiljø skal kunne utvikle seg og at folk skal kunne busette seg der dei vil.

Å vere nær folk er òg viktig i arbeidslivet. Mange opplever at overdriven detaljstyring fjernar det faglege skjønnet frå arbeidskvardagen. Vi har tillit til enkeltmennesket, og meiner at folk som får ansvar og handlingsrom vil arbeide for fellesskapets beste. Dei som skoen på veit best kor den trykker. Senterpartiet ønskjer difor å gjennomføre eit tillitsløft i offentleg sektor.


HEILE NOREG

Det burde vere sjølvsagt at kvaliteten på tenester skal vere likeverdig i heile Noreg. Senterpartiet vil vidareutvikle livskraftig næringsliv og eit godt og likeverdig ­offentleg tenestetilbod i heile Noreg. Staten skal legge til rett for at folk kan busette seg der dei sjølv ønskjer.

Ein viktig føresetnad for å kunne bu ein stad er arbeidsplassar. Til alle tider har vi i Noreg bygd verdiskapinga og utviklinga vår på klok forvaltning av rike naturressursar. I ein stadig meir mobil verd som treng energi, råvarer, mat og teknologi står Noreg godt posisjonert til å vidareutvikle næringsliv og verdiskaping i heile Noreg.

1. Nær folk
• Gode tenester nær folk gir ein trygg og føreseieleg kvardag.
• Alle har rett på gode tenester i nærmiljøet. Barnehage, skule, omsorg, helse, politi og kulturtilbod skal vere godt utbygd i heile landet.
• Styrke legevakttenesta og stoppe sentralisering av tilbodet.
• All eldreomsorg skal vere prega av respekt for brukarane og vere utforma slik at den hegnar om vørdnaden til dei eldre.
• Auke støtta til nærmiljøanlegg og gi lag og foreiningar full momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg og lokale kulturbygg.
• Halde fram med å utvikle og bygge ut helsestasjon- og skulehelsetenesta.
• Nærskuleprinsippet må gjelde slik a at alle elevar får rett til å gå på skule som ligg i sitt nærmiljø for å unngå lang reisetid eller behov for å flytte på hybel.
• Ein alderdom i trygge omgjevnader har stor verdi for mange. Senterpartiet vil ha lokale sjukeheimplassar i heile Noreg.
• Styrke folkehøgskulen, desentraliserte høgskuletilbod og fjernundervising. I tillegg vil vi ivareta dei vaksne sine moglegheiter for læring innanfor andre offentlege skuletilbod.
• Sikre dei lokale studietilboda i heile Noreg. Relevante studieplassar for mellom anna vaksenutdanning er viktig for lokalsamfunn i heile landet.
• Styrke biblioteka som gratis møteplass og kulturarena i alle kommunar.

2. Heile Noreg
• Sikre at statelege arbeidsplassar etablerast i heile Noreg. Vi går inn for at minimum 5000 statlege arbeidsplassar skal flyttast ut av Oslo, og halvparten skal etablerast i små eller mellomstore kommunar.
• Sikre at vi har ein offentleg og desentralisert sjukehusstruktur med små og store sjukehus i heile Noreg.
• Sikre tilgang til raskt breiband til folk i heile landet, og innføre offentleg leveringsplikt for breiband i dei områda kor det ikkje er grunnlag for kommersiell utbygging.
• Reversere oppdelinga og konkurranseutsettinga av jernbanetilbodet i Noreg.
• Styrke rutetilbodet til flyplassar i distrikta, og halde fast ved ordninga med statlege rutekjøp i luftfarta.
• Styrke differensiert arbeidsgjevaravgift som eit hovudverkemiddel i distriktspolitikken. Målet er at alle næringer og offentleg verksemd igjen skal inn i dette regelverket.
• Sikre finansiering til idretts- og aktivitetsanlegg og lokale kulturbygg i heile landet.
• Aktivt støtte opp om det samiske samfunnet og dei nasjonale minoritetane. ­Landbruket og reindrifta i samiske område skal vidareutviklast for å sikre at næringer lever godt side om side.
• At kommunane og lokalmiljøa skal få meir att for å avsette areal til havbruksnæringa. Dette bør skje gjennom innføring av ei nasjonal arealavgift.
• Auke skattefrådraget til pendlarane.
• Ta att vedlikehaldsetterslep og rassikring på fylkesvegane og prioritere viktige næringsmessige-, nasjonale og regionale turiststrekningar, og fylkeskryssande vegar.
• Senterpartiet vil betre sidemålsundervising, og halde på eigen karakter og ­eksamen i sidemål på både ungdomsskule og vidaregåande skule.
• Forenkle og samordne kollektivtransporten i dei nye fylka og på tvers av fylkesgrenser.


3. Tryggleik
• Ha god beredskap i heile landet for å sikre at alle er trygge ved akutte sjukdomar og hendingar.
• Vi vil ha forskriftsfesta krav til responstida for ambulansar, og at avstand/reisetid til legevakt må bli eit kvalitetskrav.
• Sikre eit reelt nærpoliti ved å styrke lensmannskontor og politistasjonar i heile landet og opne opp att dei nedlagte passkontora.
• Noreg må ut av Schengen-samarbeidet og på ny innføre nasjonal grensekontroll, med unntak av den nordiske passfridomen.
• Auke tilskot til møteplassar mellom unge og eldre. Legge til rett for stabil bemanning i heimesjukepleia slik at brukarane sjeldnare opplever bytte av personale.
• Vi vil fase inn ei ordning som gir deg same rette til fri med lønn når ei eldre mor eller far brekker lårhalsen, som når toåringen har omgangssjuke (omsorgslønn).
• Vi vil skape betre sjukeheimstenester ved å satse på mat og kosthald, fysisk ­aktivitet, kultur- og musikkopplevingar, og tilgang på fagfolk som tannpleiarar, ergo-, fysio- og fotterapeutar.
• Senterpartiet vil sørge for at LHBTIQ-personar kan vere seg sjølv i alle fasar av livet, også på eldreheim og sjukehus.
• Sikre at kontantar framleis skal vere lovleg betalingsmiddel.
• Flytte oppfølginga av narkomane frå straffesystemet inn i helsevesenet, og ha eit særleg fokus på ettervern.
• Auke innsatsen mot vald i nære relasjonar ved å styrke barnehusa, og etabler fleire barnehus for å redusere avstandane. I tillegg ønskjer vi å bidra til at avvergingsplikta vert kjent og brukt.
• Styrke rettane til barnevernsbarn mellom anna ved at alle barnevernsbarn
som vert myndige får rettleiing og tilbod om ettervern.


4. Klima
• Klimapolitikken skal utformast slik at den bygger opp under andre viktige samfunns­omsyn som industriell utvikling, matproduksjon, sosial utjamning og busetnad i heile landet.
• Elektrifisere dei dieseldrevne jernbanestrekningane som står att.
• Hovuddelen av norske klimakutt må takast innanlands, og utsleppa reduserast i alle sektorar.
• Auke opptaket av karbon i skog gjennom aktiv skogpolitikk.
• Noreg må auka innsatsen til førebygging av klimaskader som flom-, erosjons- og rassikring.
• Satse stort på å bygge ut skogsvegnettet og auke investeringane i den delen av samferdselsnettet som tømmertransporten er avhengig av. Dette gjeld jernbane, hamneutbygging, fjerning av flaskehalsar på både riks-, fylkes- og kommunevegar.
• All offentleg transport skal vere fossilfri innan 2025.
• Tildeling av nye areal til petroleumsutvinning skal styrast slik at omsynet til miljø, klima og fornybare næringar veg tungt. Det skal ikkje opnast for olje- og gassverksemd på Møreblokkane, i Lofoten, Vesterålen, eller utanfor Senja.
• Opprette eit CO2-fond for næringstransport etter modell frå NOx-fondet, med verknad frå 1.1.2020.
• Ha ei sterk satsing på norsk produksjon av biodrivstoff både i landbruket og skogbruket.
• Det skal alltid vurderast bruk av massivt tre eller reisverk av tremateriale ved
bygging av alle nye offentlege bygg, på både kommunalt-, fylkes-, og statleg nivå.
• Auke kapitalen i det statlege investeringsselskapet Nysnø slik at selskapet kan
auke investeringa si i klimateknologi og norske industriløysingar
som reduserer utslepp


5. Norsk mat
• Senterpartiet vil gi bonden betre betalt og utjamne inntektsskilnaden mellom jordbruket og andre grupper.
• Vi vil skjerpe konkurranselovgjevinga og svekke makta til daglegvarekjedene til fordel for forbrukarar og matprodusentar.
• Auke norsk matproduksjon med 20% dei neste 20 åra. Matproduksjonen må vere basert på eige ressursgrunnlag slik at sjølvforsyningsgraden kan styrkast.
• Beredskapslagring av mat og såkorn.
• Senterpartiet meiner at alle rovdyrbestandar må reduserast. Både lisensfelling og skadefelling må effektiviserast. Yngling av ulv i Noreg må ta slutt. Forvaltninga skal bygge på regional forvaltning og ein skal få full erstatning for tap til rovdyr.
• At bu- og driveplikt etter konsesjonslova haldast oppe og praktiseringa skal vere føreseieleg og lik for alle.
• Vi vil sikre matproduksjonen gjennom eit styrka jordvern. Matjorda er ein av dei viktigaste ressursane vi har i dette landet, og det skal vere høg terskel for å bygge den ned.


6. Lokalt folkestyre
• Sikre at fleire avgjerder vert gjort nær folk og folks kvardag. Dette gjerast ved å overføre oppgåver og pengar frå stat og fylkesmann til kommunar og fylkes­kommunar.
• Stadig meir makt sentraliserast på stadig færre hender. Senterpartiet vil gi lokale folkevalde meir innverknad på avgjersler i deira kommunar og fylke.
• At eventuelle endringar av fylkes- og kommunestrukturen må skje frivillig og vere forankra i folkerøystingar. Ingen kommune eller fylkeskommune skal kunne ­slåast saman ved bruk av tvang!
• Senterpartiet er garantisten mot norsk EU-medlemskap. Norsk suverenitet, lokalt folkestyre og norske arbeidsrettar er under stadig aukande press frå EU. Noreg må ut av Schengen-avtalen og erstatte EØS-avtalen med frihandelsavtalar.
• Kommunal sjølvråderett er viktig, og dei folkevalde skal styre. Kommunar kan ikkje samanliknast med eit privat selskap.
• Funksjonane til dei kommunale eldreråda må verte tydlegare definert, og råda må få framleggsrett ovanfor kommunestyret.
• Ha eit forpliktande fylkesvegløft, der staten òg skyt inn ekstra midlar til store fylkesvegprosjekt.
• Gi fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar hovudansvaret for å sikre full breibandsdekning, med sterk statleg finansiering for å nå måla.


7. Forsvar
• Sikre eit sterkt forsvar som er rusta for hovudoppgåva si – forsvar av norsk territorium.
• Auke løyvingane til Forsvaret til 2% av BNP innan 2024.
• Ha eit forsvar basert på ei ålmenn verneplikt.
• Ta vare på kompetansemiljø i Forsvaret spreidd i heile Noreg.
• Styrke Hæren ved å mellom anna sikre eigen helikopterkapasitet, og at tilstrek­ke­leg kapasitet er lokalisert på Bardufoss.
• Sikre 300 arbeidsplassar, eit unikt kompetansemiljø og forsvarsevna i Nord-Noreg ved å bevare flystasjonen på Andøya.
• Opprette Sjøheimevernet på nytt, og auke Heimevernet til 50 000 soldatar i ein desentralisert struktur i heile landet.


8. Norsk verdiskaping
• Sikre lokalt og nasjonalt eigarskap av norske ressursar. Vi seier nei til sal av Noreg!
• Det er eit offentleg ansvar å føre ein aktiv næringspolitikk, sikre nasjonalt eigarskap til naturressursar, viktige selskap og kritiske infrastruktur, samt stå ansvarleg for utbygging, vedlikehald og drift av infrastruktur.
• Støtte grøn og bærekraftig nærings- og industriutvikling.
• Styrke norsk verdiskaping på basis av norske fornybare energiressursar. Kraftutvekslinga med utlandet må dimensjonerast på ein måte som gagnar norske forbrukarar og norsk næringsliv.
• Vidareføre den norske pelsdyrnæringa, og samtidig stille strenge krav til dyrevelferda i næringa.
• Stramme inn regelverket for kabotasjekøyring, og auke kontrollen av tunge køyretøy.
• Vi vil gi små og mellomstore verksemder betre vilkår og enklare rapportering for å bidra til nye arbeidsplassar i små og store lokalsamfunn.
• Styrke fiskenæringa ved å sikre ein variert, lønnsam og framtidsretta fiskeflåte som gir grunnlag for rekruttering og fornying av flåten, nært knytt til anna ­verksemd langs kysten.
• Fiskeriressursane i Noreg skal framleis eigast av det norske folk i fellesskap, og ­fiskerettar skal ikkje kunne seljast ut av fylket dei høyrer til.
• Vi vil sikre ein desentralisert fiskemottaksstruktur og jobbe for meir lokal vidareforedling i Noreg.
• Styrke dei praktiske faga i skulen. Teori og praksis må gå hand i hand gjennom utdanninga slik at elevane kan opparbeide seg djupnekunnskap og utvikle ferdigheitar.
• Stille krav om minst tre lærlingplassar per 1000 innbyggar i kommunen, og minst tre per 5000 innbyggar i fylkeskommunen.
• Sikre god studiefinansiering samstundes som vi aukar inntekts- og formue­grensene til Lånekassa.
• Senterpartiet meiner at kommunar med stor turisttilstrøyming skal ha høve til å skrive ut treffsikker og avgrensa lokal turistskatt.

9. Tillit
• Gi meir tillit til tilsette i førelinjetenester.
• Avvikle helseføretaksmodellen og gi den regionale styringa attende til dei folkevalde.
• At sjukelønnsordninga vert vidareført på dagens nivå, og forbetrast for sjølvstendig næringsdrivande.
• Ha ei meir fleksibel praktisering av fråverereglane i vidaregåande skule, kor det vert teke omsyn til eigenmelding/føresettmelding og rektors vurdering.
• Avgrense testregimet i skulen, og forenkle vurderingsforskrifta. Norsk deltaking i PISA-undersøkinga må ta slutt.
• Sørge for meir tilrettelagt arbeid og gi dei som har nedsett funksjonsevne høve til varig oppfølging i ordinært arbeid.
• Senterpartiet vil gi arbeidsgjevarar og eldre tillit til å sjølv ta gode avgjersler, og ønskjer å heve den generelle aldersgrensa i arbeidslivet og fase ut ulike særaldersgrenser.
• Auke norskundervisinga for asylsøkarar frå 175 til 250 timar, og gjere introduksjonsprogrammet til eit treårig løp.
• Vidareføre ein idrettsmodell basert på frivillig innsats.


10. Nei til sentralisering
• Meir ansvar og mynde må plasserast lokalt der folk lever og tenestene skal leverast.
• Vi ønskjer å oppretthalde ein NAV-struktur med kontor i heile landet, og går imot regjeringas stadige nedlegging av kontor.
• Posten må fram oftare enn annakvar dag. Nedskjeringar i Posten rammer både privatpersonar og pasientar i helsetenesta.
• Bygge ut kriminalomsorga og styrke bemanninga og kvaliteten i eit desentralisert og lokalt forankra tilbod.
• Vi er imot nedlegging av dei lokale trafikkstasjonane. Vi ønskjer å halde på dagens struktur med trafikkstasjonar nær folk i heile landet.
• Fylke og kommunar har stort ansvar på transportområdet, men dei statlege ­overføringane står ikkje i stil med oppgåvene som skal løysast. Senterpartiet går inn for å auke løyvingane kraftig.
• Dagens domstolar skal oppretthaldast. Kvar domstol må ha stadleg leiing.


---


BLI MED PÅ LAGET

Som medlem er du med på å bestemme politikken vår. Sammen står vi sterkere.

Medlemskontingenten i Senterpartiet er kl. 440,-
Er det fleire medlemmar i husstanden kan medlem nummer to, tre osb. betale kl. 160,-


Det er fire måter å melde seg inn på:

1. Vipps: Vel handlekorgsymbolet, søk opp Senterpartiet (#12711) og betal kontingent for å melde deg inn med ein gong.

2. Registrer deg på https://minside.sp.no (her kan du betale med kredittkort).

3. Send SMS med kodeord «SP» til 2360 og fullfør registeringa (her kan du betale med kredittkort, mobilfaktura eller få faktura i posten).

4. Send epost til medlem@sp.no med kontaktinformasjonen din, så får du tilsendt faktura i posten.

Er du under 30 år og ønskjer å bli medlem i Senterungdomen, bruk Vipps og søk etter «Senterungdommen», eller send SMS med kodeord «SUL» til 2360.

Les meir om oss på www.sp.no