Senterpartiet meiner fylkesvegnettet er nedprioritert av den sitjande regjeringa. Forfallet på fylkesvegnettet er stort og veksande. Statens vegvesen omtalar det slik i grunnlagsdokumentet til NTP: «Det er et betydelig forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring av kritisk infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så omfattende at transportetatene mener det bør vurderes et eget pro­gram for fornyelse av fylkesveger. Sikkerhetsstandarden på fylkesvegnettet er mange steder lav, og den gjennomsnittlige risikoen for å bli drept eller hardt skadd per kjørte km er om lag 50 prosent høgare enn på riksvegnettet. Det er store utfordringer knyttet til skred på fylkesvegnettet.» Senterpartiet er samd med statens vegvesen. Det er naudsynt med ein heilskapelig plan for rassikring og eit program for å ta igjen forfallet på fylkesvegnettet i komande NTP. Dette handlar og om tryggleik for mjuke trafikantar, som syklistar og fotgjengarar. Senterpartiet vil prioritere dette i komande stortingsperiode.

Ein moderne jernbane vil også i framtida vere ein viktig del av transportsektoren sin infrastruktur. Aukinga i passasjertrafikk og overføring av gods fra vei til bane bidreg i stor grad til å nå klimamål for transportsektoren. 

Regjeringa legg i kommuneproposisjonen for 2018 fram forslag til ny finansieringsmodell for fylkeskommunal båt- og fergedrift. Senterpartiets Landsmøte meiner ein ny modell skal sikra alle kystfylka økonomisk moglegheit til å utvikla eit framtidsretta båt og fergetilbud, noko som er avgjerande for verdiskaping og folks moglegheit til å bu og arbeide langs kysten av landet.

I byar og bynære strøk er det viktig å legge til rette for at auka transportbehov ikkje resulterer i meir bilkjøring, men blir tatt ut gjennom gange, sykling og kollektivtransport.  Det føreset utbygging av gang- og sykkelvegar og fleire sykkelfelt/eigne trasear for transportsyklistane, slik at fleire kan bruke sykkel til rask transport over lengre strekningar.

Breiband er i dag ein like viktig del av infrastrukturen som veg og telefoni.  Breibandstilgong bidreg til geografisk utjamning og er avgjerande for at vi skal kunne ta heile landet i bruk.  Senterpartiet kallar dette den digitale allemannsretten.  Vi kan ikkje akseptere ein situasjon med store skilnader i tilbodet mellom fylka. Vårt mål er at alle husstander skal ha tilbod om høgfartsbreiband.  Stortinget fastsette følgjande målsetjing i 2016: «innen år 2020 skal 90 pst. av husstandene ha tilbod om minst 100 Mbit/s». Senterpartiet meiner at dette skal auka til at 100 % skal ha minimum 30 Mbit/s. Marknaden aleine vil ikkje greie å innfri målet om at alle skal få del i den digitale allemannsretten.  Senterpartiet vil difor sikre ei kraftig opptrapping til breibandsutbygging og vil løyve ein breibandsmilliard i statsbudsjettet.

Mobildekning er også del av grunnmuren for likeverdige tenester i heile landet, og ein føresetnad for god beredskap. Senterpartiet vil kartleggja og betre svak og manglande mobildekning, mellom anna ved ei tilskotsordning som sikrar utbygging der den ikkje er kommersiell lønnsam.

Regjeringa har gjennomført store endringar i korleis me organiserer samferdsla vår. Nye Veier AS og Jernbanereforma er døme på dette. Senterpartiet har kjempa mot denne omorganiseringa, fordi den medfører meir byråkrati og dårlegare tilbod. Konkurranseutsetjinga av jernbana må stoppast, og tal på selskap innan jernbanedrifta må reduserast. Senterpartiet vil la Nye Veier AS fullføre planlagde investeringar og deretter evaluere den vidare organiseringa.

Drosjenæringa er ein avgjerande del av kollektivtilbodet, og mange stader det einaste reisealternative forutan personbilen. Delingsøkonomiutvalet og regjeringa har sett næringa under stort press, og føreslår å oppheve løyveordninga slik at aktørar som Uber lovleg kan sleppe til i denne marknaden. Senterpartiet meiner løyveordninga saman med køyreplikta sikrar tilbod nær folk over heile landet heile døgnet, like konkurransevilkår, tryggleik for brukarane og trygge arbeidsvilkår for sjåførane og må vidareførast.

Senterpartiet vil utvide bymiljøavtalane og belønningsordninga for auka kollektivtrafikk til å omfatte fleire små og mellomstore byar.  Dette er heilt naudsynt om vi skal nå klimamåla og utvikle attraktive og gode bymiljø i heile landet.