Utgangspunktet

Partiet vart skipa i 1920. Fram til 1959 bar det namnet Bondepartiet. I dei trettifire åra rekna frå 1884, det året då det parlamentariske styresettet vart innførd i Noreg, hadde Venstre og Høgre dominert politikken. Men tidene var urolege. Folketalet steig snøgt. Folk flytta inn til byane i hopetal, mange drog til Amerika. Snøgg industrialisering, kriser i landbruket, strid om kulturspørsmål og nasjonal identitet, det var meir enn dei gamle partia kunne rå med. Indre usemje og kløyving tærde på kreftene. Det var i denne atmosfæren Norsk Landmandsforbund vart skipa i 1896. Denne nyorganiseringa av bøndene var uttrykk for mistillit til Venstre og Høgre. Mellom initiativtakarane fanst dei som såg behov for eit "økonomisk bondeparti" som skulle kjempe for "et stedeget balansert næringsliv". Partidanninga kom først to tiår etter hundreårsskiftet, og då på den særeigne måten at Landmandsforbundet gjorde vedtak om også å framstå som eit politisk parti. Frå no av var forbundet både ei fagrørsle og eit politisk parti. Det første risset av eit partiprogram fortel mykje om kvifor partiet vart skipa. Her heiter det:

"Det program som Norsk Landmandsforbund vil forelegge velgerne skal bygge på Forbundets gamle grunnvoll med det ufravikelige mål å fullføre vårt lands selvstendighetsverk. I dette arbeidet for den økonomiske og kulturelle uavhengighet må den nasjonale linje hevdes uavkortet - i vårt næringsliv med vern om arbeide og produksjon, i vårt kulturliv med vern om det norske i sed og skikk og språk bl.a. ved på grunnlag av likestilling mellom våre to mål å fortsette arbeidet for et samnorsk mål i landet. Samtidig som Forbundet hevder landsfolks interesser, legges arbeidet an under den erkjennelse at det som er målet for oss alle, bare kan nåes når samfunnssynet krever sosial rettferd og en harmonisk utvikling av all byggende virksomhet."

Programteksten er ei viktig historisk kjelde. Den fortel om kva grunnsyn det nye partiet bygde på, om dei verdiar og hovedprinsipp partiet ville tufte politikken sin på. Fullføring av "vårt lands selvstendighetsverk" stod som viktigaste punkt. Denne prosessen skulle skje på to plan: det økonomiske og det kulturelle. Og dessutan: Programmet slo fast at sjølvstendeverket måtte ha sosial rettferd og harmonisk utvikling som eit overordna mål.

Hausten 1921 entra nykomaren Stortinget med heile 17 mandat. Ein slik overtydande debut kan ikkje åleine forklarast ved at Bondepartiet rykte inn i nasjonalforsamlinga på ei bylgje av protest i tider med stigande arbeidsløyse og sjokkerande prisfall på landbruksvarer. Formidlinga av det verdisynet må òg ha truffe veljarane på heimebane. Partiet var i høg grad med i kampen om dei lange liners politikk.

Bondepartiet og dei lange liner

For å forstå dette, må vi gå eit stykke tilbake i tida. Over ein lengre periode hadde det alt rasa ein kamp i verda om kva prinsipp som burde leggjast til grunn for det økonomiske samkvemet mellom landa. Ei parallell konfliktline gjekk mellom tilhengarar og motstandarar av politisk styring, eller rettare sagt, om kvar skjæringspunktet burde gå mellom politikk og marknad. På 1700-talet dirigerte styresmaktene det meste. Dei avgjorde kven som skulle ha rett til å driva næring ved å dele ut privilegier til borgarar og byar. Under denne "merkantilismen" skulle landa prøve å vera mest mogeleg sjølvforsynte. Dei verna eigne næringar med høge tollmurar. Makthavarane tok på seg eit visst sosialt ansvar for borgarane. Enkelte historikarar hevdar at velferdsstaten har sine røter i denne perioden. Midt på 1800-talet var det lite att av merkantilismen. Då hadde den økonomiske liberalismen si store tid, med industrialisering, kapitalisme, konkurranse og frihandel. Det sosiale ansvaret i samfunnet vart privatisert. Staten blanda seg lite inn den økonomiske utviklinga. Men marknaden sytte ikkje for rettferdig fordeling av godene. Frå 1880 og framover mot første verdskrigen tvinga samfunnskrisene fram ei omfattande politisk styring. Landa skaffa seg sosiallover og lover som skulle sikre den nasjonale råderetten over ressursane. Tollmurar kom opp pånytt.

Denne styringstrenden såg ut til å kulminere rundt 1920. Liberalistane stod sterkt i Venstre, det partiet bygdenæringane i lang tid hadde måtte festa lit til. Landet gjekk atter inn i ein periode prega av internasjonal kapitalistisk konkurranse. Det nye Bondepartiet tok parti mot denne utviklinga, og det plasserte seg såleis i ein tradisjon i norsk historie. Kvart land måtte ha rett til å ta vare på sin eigenart. For å sikre ei hamonisk samfunnsutvikling, ville det vera nødvendig å korrigere marknaden med politiske styringstiltak. Her trengs likevel ei viss nyansering. Bondepartiet var gjennomgåande klar i sitt forsvar for den nasjonale sjølvråderetten. Derimot rådde det usemje om kor aktiv rolle staten burde spela.

Dei første åra

I denne liberalistiske tida, då pengemakt og spekulasjonsøkonomi hadde "tidsånda" på si side, sette Bondepartiet fram krav om tollvern for landbruket, slik industrien framleis nytte godt av. Partiet ville fremja norskbasert matvareproduksjon ved å innføre korntrygd, dvs. statsstøtte til heimleg kornproduksjon. For å støtte opp om fiskerinæringa i konkurransen om heimemarknaden fekk partiet gjennomslag for forslag om tollerstatning til næringa.

Vi får ikkje noko klart inntrykk av Bondepartiets økomiske "filosofi" i denne første tida. På den eine sida forvalta partiet den historiske arven frå Søren Jaabæks tid. Nauda skulle motverkast ved å bruka sparekniven på dei offentlege budsjetta. Samtidig argumenterte partiet for at ein skulle satsa på det produktive næringslivet. Midt på 20-talet streva bygdene med ei djuptgåande gjeldskrise i landbruket. Billege lån måtte betalast tilbake med dyre kroner. Mange måtte bruke heile inntekta til å dekkje renter og avdrag til bankane og til betaling av skattar og avgifter. Den dyre krona var resultatet av paripolitikken.

Våren 1928 var krona igjen pressa opp i pari kurs, utan omsyn til dei sosiale fylgjene. Venstre-regjeringa ville no knyta krona til gullet. I dette spørsmålet delte bondepartigruppa seg i Stortinget. Det fall harde ord. Ni gruppemedlemmer gjekk mot forslaget. Fleirtalet røysta motvillig for.
Partiet hadde no 26 representantar på Tinget. Det hevda seg godt gjennom heile det første ti-året. Det same kan seiast om Arbeidarpartiet. Dei to partia rekrutterte folk som vart hardt råka av samfunnskrisene. I kampen for gard og grend, for det daglege brød, framstod dei gamle partia Venstre og Høgre som forsvararar av den gamle orden. Men den braut ihop hausten 1929. Då kom krisa på børsen i New York, deretter spreide den seg utover og nådde eitt år seinare Noreg.

Regjeringsperiode og kriseforlik

Midt i den store krisetida, då arbeidsløyse, streikar, lock-out og tvangsauksjonar dominerte kvardagen, skipa Bondepartiet regjering åleine, slik skikken var på den tida. Mindretalsregjeringar var normalen. Ei typisk "sjølvråderettssak" førde partiet til kongens bord: Regjeringa Mowinckel (V) hadde gitt løyve for det internasjonale selskapet Unilever til å overta halvparten av aksjane i Lilleborg. Mot røysta Arbeidarpartiet, Bondepartiet og tre av Venstres eigne stortingsrepresentantar, nok til at det vart regjeringskrise. Tidspunktet for å overta regjeringsmakt kunne neppe vore verre. Kva kunne statsminister Kolstad og hans folk gjera med dei "ytterst alvorlige økonomiske forhold", for å bruke ei formulering frå regjeringserklæringa ? Hevdvunnen sparepolitikk mona lite. Men snart fall viktige bitar på plass. Partane i arbeidslivet vart samde om ein avtale, arbeidskonfliktane minka. Og så braut Noreg med gullstandarden, i tråd med det England gjorde. Ei kraftig devaluering av krona gav eksporten stor stimulans, og det vart mykje lettare for folk og styresmakter å kvitte seg med gjeld. Bondeparti-regjeringa fall på ei mindre budsjett-sak i februar 1933. Då hadde ho i tillegg til strevet med dei økonomiske krisene, også brukt mykje tid på å vinne råderett over eit område på Aust-Grønland. Denne saka tapte Noreg seinare for Haag-domstolen. Stormane kring forsvarsminister Quisling kravde og sitt.

Desse erfaringane spela nok ei rolle for den vidare utforminga av Bondepartiets politikk. Kjensla av å stå makteslaus i ei krisetid tvinga fram nytenking. Mange av partiets folk hadde alt i fleire år innsett at marknadskreftene måtte tøylast. Skipinga av eit omfattande landbrukssamvirke var ei fylgje av dette synet og bar i seg eit brot med den gamle økonomiske liberalismen. I tillegg seiv no inn tankar om at staten burde vera aktiv i økonomiske nedgangstider (Keynes).

Dermed fann "erkefiendane" Arbeidarpartiet og Bondepartiet kvarandre i synet på behovet for ein styringspolitikk. Kriseforliket mellom dei to partia i 1935 førde Arbeidarpartiet til langvarig regjeringsmakt bygd på filosofien om den aktive stat og slagordet "By og land, hand i hand". Dei siste åra før krigen gjekk det rette vegen på svært mange område.

Etterkrigstid

Men i det første stortingsvalet etter krigen gjekk Bondepartiet dramatisk tilbake. Alt før krigsutbrotet hadde partiet tapt mykje av sitt politiske initiativ. Det møtte hard agitasjon i 1945 og fekk Kristeleg Folkeparti som ny konkurrent. Mot dei fleste odds kom partiet likevel snart til hektene. Under leiing av Nils Trædal byrja gjennoppbyggingsfasen. Det vart lagt eit grunnlag for framgang. Ved kvart val, heilt fram til og med året 1973, styrka partiet sin representasjon på Stortinget. 10 mandat hadde partiet i 1945, 21 i 1973. Korleis kan vi forklare denne framgangen politisk? Bondepartiet var eit opposisjonsparti det meste av tida. Ankemåla mot Ap-regjeringane vart etter kvart nokså mange. Bondepartiet kritiserte regjeringa for satsinga på storindustri og utanlandsk kapital. Den viktigaste kampen kom likevel til å stå kring krav om å sikre primærnæringar og bygdesamfunn likestilling og rettferd i den nye velferdsstaten. Då partiet skifte namn til Senterpartiet i 1959, var distriktspolitikken blitt den store fanesaka. Og på 1960-talet hadde partiet formulert perspektivet: Sentralisering mot desentralisering, sentrum mot periferi, konfliktliner som gjorde seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. Senterpartiet var no fast forankra i forestillinga om at ei samfunnsutvikling er menneskeskapt, og at den kan påverkast og styrast. Ute i veljarflokken vart denne lina sett pris på.

Framgangen til trass, utsiktene til å nå fram til regjeringsposisjon var heller små. Partiet hadde behov for samarbeidspartnarar i ei tid då Arbeidarpartiet stadig mønstra eit eige stortingsfleirtal ( frå 1961 av saman med SF). Difor prøvde leiarane å få til eit samarbeid mellom sentrumspartia. Det lukkast ikkje, innan Venstre var motstanden mot "samrøringa" for sterk. Ikkje desto mindre vart den første ikkje-sosialistiske regjeringa etter krigen leia av Sp-mannen Per Borten, svært dominert av partia i sentrum. Her låg det politiske tyngdepunktet. Regjeringa sat frå 1965 til 1971. Ho viste sans for å skape rettferd i velferdsstaten og synte tilsvarande styringsvilje. Borten-regjeringa fall då EF-saka for fullt slo inn i politikken i byrjinga av 1970-talet.

EEC-kamp EF-saka ( på det tidspunktet var den offisielle nemninga EEC, dei engelske bokstavane for det europeiske økonomiske fellesskapet) skapte nye skiljeliner mellom partia alt tidleg på 1960-talet. Men så lenge den franske presidenten De Gaulle nekta Storbritannia å bli med i EEC, var saka uaktuell også for Noreg. Senterpartiet orienterte seg mot Norden-samarbeidet. Det var i Borten-regjeringa si tid det store NORDøK-prosjektet vart freista realisert. Men alt fall ihop då EEC -saka kom i rampelyset for fullt. De Gaulle var borte og England var for full fart inn i det europeiske fellesskapet. Spørsmålet var: Skulle Noreg og Dannmark slå fylgje ?

EEC-striden fram til folkerøystinga 25. september 1972 arta seg som eit oppgjerd om dei store spørsmål i norsk historie. Framfor alt stod sjølvråderetten i fokus. Dernest synet på samfunnsstyringa. Det meste munna ut i ein kamp mellom ulike oppfatningar om kva verdiar som burde leggjast til grunn for vår samfunnsutvikling. Sjølv om mange var opptekne av korleis medlemskap ville slå ut for dei personleg, var det nok dei lange liner som engasjerte folk mest.

Etter hard kamp sigra Nei-sida, og regjeringa Bratteli gjekk av. Landet fekk då ei koalisjonsregjering med utgangspunkt i Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og eit kløyvd Venstre. Sentumsregjeringa si viktigaste oppgåve var å forhandle fram ein frihandelsavtale med EEC. Dette lukkast over all forventning. I samkvemet med EEC-landa vart tollen fjerna på alle industrivarer. Berre på eindel fiskeprodukt stod noko toll att. Frihandelsavtalen vart supplert med samarbeidsavtaler på fleire område.

Partikrise og nedtur

Senterpartiet vart stadig møtt med agitasjon om at det for det meste var oppteke av bøndenes interesser. Motstandarane såg lite anna i partiets EEC-kamp enn prisar på landbruksvarer. Men partiet hadde no støtte frå mange hald i den norske veljarskaren. Likevel var det kanskje underleg at partiet berre vann eitt nytt mandat på sin store kamp mot norsk medlemskap i EEC. Ellers førde jo utfallet av saka til store omveltningar på Stortinget då veljarane hadde sagt sitt hausten 1973. Med sine 21 representantar hadde likevel Senterpartiet eit godt utgangspunkt for å kunne rykkje vidare fram. Partiet vedtok eit nytt prinsipp-program som fanga opp dei økologiske perspektiva. Dette var i tråd med den grøne bylgja som m.a. hadde vore med og sikra fleirtal mot EEC-medlemskap. Men i røynda var partiet på sterk nedtur att i det norske folket. Opprøret mot vekst og materialisme hadde tapt si kraft. Forventningane til høgare forbruk kom i kjølvatnet av "oljefeberen" som sette inn på 70-talet. Senterpartiet makta ikkje å vinne fram med sine appellar om å tenkja langsiktig. Indre usemje om samarbeidskursen hindra og partiet frå å føra ein aktiv kamp for si eiga sjølvstendige line. Ved valet i 1977 kom partiet i fritt fall. Det tapte heile 10 mandat. Dette var den andre "store smellen" i etterkrigstida.

Sjølvstendelina, ny framgang

I høve til dei lange liners politikk innebar slutten av 70-åra og heile det neste ti-året at den politiske styringa vart avvikla på område etter område. Den økonomiske liberalismen sigra, marknadskreftene kom atter i fokus. Senterpartiet var i denne perioden ute av dei store samfunnskampane. I staden freista partiet å vinna enkeltsaker og å verne om viktige skansar ved å ta del i borgarlege regjeringar med tyngdepunktet til høgre. Partiet skulle ha ei hand på regjeringsrattet. Det var ei vanskeleg tid, med låg oppslutnad frå veljarane. Den nye framgangen kom først då partiet braut med denne lina. EF-saka førde Senterpartiet ut av regjeringa Syse.

Samstundes tok partiet eit grunnleggjande oppgjerd med blokk-tenkinga i norsk politikk. Sjølvstendelina gav partiet stor framgang ved kommunevalet i 1991. Og ved stortingsvalet i 1993 vart partiet det nest største på Stortinget, etter ein valkamp der partiet makta å setja dei lange liner i sentrum. I høve til utgangspunktet i 1920 var Senterpartiet atter på den bana der kampane stadig foregår om framtidslinene for landet.

 
Etter 1990

Etter hvert som EF-saken igjen for alvor kom på dagsordenen i 1990, merket Senterpartiet en økende tilstrømning til partiet. Ved kommuneog fylkestingsvalget i 1991 gjorde Senterpartiet sitt inntil da beste valg etter krigen, og oppnådde 12,0 prosent av stemmene ved fylkestingsvalget. Ekstra gledelig var det at partiet gikk fram i byene og igjen ble representert i bystyrene i de største byene.

Framgangen fortsatte fram mot stortingsvalget i 1993. Det politiske miljø ble rammet av et jordskjelv og Senterpartiet fikk for første gang representanter fra alle 19 fylker, totalt 32 representanter og ble nest største parti på Stortinget. Partiet fortsatte sin sjølstendighetslinje som alternativ til både Høyre og Arbeiderpartiet. Desentralisering, distriktspolitikk, miljø, sosial likestilling og forvalteransvar er sentrale saker. Partiets sterke og klare engasjement i EU-saken er et forsvar for disse verdiene.

Før valget i 1997 satte partiet det som mål å få etablert ei sentrumsregjering. Valget ga partiet en nedgang, men målet om ei sentrumsregjering ble nådd. Mindretallsregjeringen, Venstre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti ble til tross for spådommer og et spesielt lite samarbeidsvillig stortingsflertall sittende til mars 2000. Regjeringen beviste at sentrum i norsk politikk var styringsdyktig. Også etter regjeringens fall fortsatte sentrumspartiens samarbeid.

2001

Partiet gikk til valg på sentrum som regjeringsalternativ også ved valget i 2001. Valgresultatet gjorde at Senterpartiet mistet vippeposisjonen det hadde hatt i lang tid. Kristelig Folkeparti og Venstre gikk i regjering med Høyre. Dermed ble Senterpartiet stående alene som forsvarer av sentrum i Stortinget. Partiet var klart i opposisjon til politikken fra stortingsflertallet. Senterpartiets mål om folkestyre, desentralisering, livskraftige distrikter, lokal verdiskapning, sosial likestilling, forvalteransvar og en miljøvennlig utvikling ble kraftig utfordret.

 

2005

Fram mot stortingsvalget 2005 ble det mer og mer klart for alle tillits- og folkevalgte i Senterpartiet og velgerne våre at en fortsatt regjering dominert av høyrekreftene i norsk politkk gikk i stikk motsatt retning av Senterpartiets politiske mål. Det kom derfor gradvis fram et ønske om å kunne inngå i en allianse med makt til å dra politikken i Senterpartiets retning.

Alliansen med Arbeiderpartiet og SV ble enstemmig vedtatt på Senterpartiets landsmøte mars 2005. Senterpartiet gikk for første gang til valg i 2005 med et uttrykt mål om å denne en rød-grønn flertallsregjering. Senterpartiets hovedsaker ved valget var lokal velferd (herunder kommuneøkonomi), samferdsel og næring samt frivillighet, idrett og kultur. Den rød-grønne alliansen vant valget og regjeringsplattformen ble framforhandlet på Soria Moria med godt gjennomslag for våre saker. Senterpartiet fikk fire departementer (Kommunal- og regional-, Samferdsel-, Olje- og energi- samt Landbruks- og matdepartementet). I tillegg hadde partiet statssekretærer ved Statsministerens kontor, Utenriksdepartementet Finansdeparte mentet og Helse- og omsorgsdepartementet.

 

2009

Stortingsvalget i 2009 ga Senterpartiet en oppslutning på 6,2 prosent, en tilbakegang på 0,3 prosent – men likevel 11 representanter. Det ble avgitt165.005 stemmer for Senterpartiet. Arbeiderpartiet fikk 35,4 prosent, mens SV fikk 6,2 prosent. Sps mandat i Akershus falt ut, mens partiet fikk et nytt mandat fra Troms. Sp kunne notere seg framgang fra stortingsvalget i 2005 i fire fylker;Troms, Møre og Romsdal, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Valgresultatet var historisk. For første gang på over 40 år ble en flertallsregjering gjenvalgt. Liv Signe Navarsete ledet sin første valgkamp som partileder dette året, etter at hun i september 2008 tok over som partileder etter Åslaug Haga som gikk av på grunn av helsemessige problemer. Senterpartiet beholdt våre fire departementer (Kommunal- og regional-, Samferdsel-, Olje- og energi- samt Landbruks- og matdepartementet) og fikk også statssekretærer ved Statsministerens kontor, Utenriksdepartementet og Finansdepartementet.

 

2011

Ved kommunevalget i 2011 ble Senterpartiet landets fjerde største parti med 163 381 stemmer. Sp fikk 6.7 prosent, 93 ordførere, 73 varaordførere, 1420 kommunestyrerepresentanter, 467 formannskapsmedlemmer. 

Sp har 2 fylkesordførere (Telemark og Hedmark) og 4 fylkesvaraordførere (Sogn og Fjordane, Oppland, Østfold og Sør-Trøndelag) og er representert i 18 fylkesting med 61 fylkestingsrepresentanter.
Sp er største parti i 60 kommuner og har rent flertall i 7 av dem. I 2011 stilte partiet 390 rene Sp-lister i kommuner, og var med på 12 felleslister av til sammen 428 kommuner. Sp stilte liste i alle fylker og i 13 av 15 bydeler i Oslo. 

 

2013

Ved stortingsvalget i 2013 fikk Senterpartiet 155 357 stemmer, 5,5 prosent og 10 stortingsrepresentanter. Ved valget mistet den rød-grønne regjeringa med Sp, Ap og SV flertallet. Senterpartiet er nå et opposisjonsparti i Stortinget med følgende 10 representanter og komiteer:

Marit Arnstad, repr. fra Nord-Trøndelag, parlamentarisk leder og medlem av energi- og miljøkomiteen
Trygve Slagsvold Vedum, repr. fra Hedmark, gruppestyremedlem og medlem av finanskomiteen
Janne Sjelmo Nordås, repr. fra Nordland, parlamentarisk nestleder og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen
Kjersti Toppe, repr. fra Hordaland, gruppestyremedlem og nestleder i helse- og omsorgskomiteen
Liv Signe Navarsete, repr. fra Sogn og Fjordane, medlem av utenriks- og forsvars-komiteen
Anne Tingelstad Wøien, repr. fra Oppland,  2. nestleder i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen
Per Olaf Lundteigen, repr. fra Buskerud, medlem av arbeids- og sosialkomiteen og kontrollkomieen
Jenny Klinge, repr. fra Møre og Romsdal, medlem av justiskomieen
Heidi Greni, repr. fra Sør-Trøndelag, medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen
Geir Pollestad, repr. fra Rogaland, komitéleder i næringskomiteen.

2014

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete ga partiet råd i ein tale Kongsbergkonferansen 11. januar om at det vart innkalla til ekstraordinert landsmøte i Senterpartiet. I talen sa Liv Signe Navarsete at ho var innstilt på å gje stafettpinnen vidare til den som landsmøtet meiner er best eigna til å overta.

Det vart deretter innkalla til ekstraordinært landsmøte 7. april på Lillestrøm i Senterpartiet, som valde nytt sentralstyre, med Trygve Slagsvold Vedum som ny leiar, Ola Borten Moe som 1. nestleiar og Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som 2. nestleiar. 

2015

Senterpartiet gjekk inn i kommune- og fylkestingsvalet med tre hovedsaker; "Nei til tvang", "Ja til norsk mat" og "Gode nærmiljø". Partiet hadde truverde i dei sakene som var viktige i valkampen og det var stor grad av samanheng mellom lokal- og fylkeslagas valkamp og utspel frå den sentral leiinga.

Sp oppnådde 8,5% i kommune- og 8,0% i fylkestingsvalet, det beste valet sidan 1995. Partiet gjekk fram i alle fylker, og kom inn i fleire folkerike kommunar. Partiet stilte eigen liste i 385 kommunar og deltok i tillegg på fellesliste i 11 kommunar.  Sp fekk 105 ordførarar og 96 varaordførarar som er medlemer i Sp i perioden 2015-19.

2017

Partileiinga vart attvald på partiets landsmøte i Trondheim 23. mars 2017. Landsmøtet 2017 vedtok at Noreg treng ein ny politisk kurs og at dagens Høyre/FrP-regjering må bli avløyst etter stortingsvalet. Senterpartiet førte i heile stortingsperioden frå 2013 til valet 2017 ein konsekvent og klar opposisjonspolitikk mot H/FrP-regjeringas sentraliserande politikk.

Som fylgje av dette vedtok landsmøtet og at ei Senterparti-/Arbeiderpartibasert regjering ville vera den beste plattformen for ein politikk som ser heile Noreg, og gjekk til val på at Senterpartiets verdiar må stå sterkt i ei slik regjering. Partiet gjorde ein framifrå og samla valkamp med slagorda "Norsk mat er trygg mat", "Nær folk" og "Nei til salg av Norge". Partiet fekk sitt beste stortingsvalresultat etter EU-kampen på 90-talet med 10,3%. Men det vart ikkje fleirtal for regjeringsskifte, så partiet fortset i opposisjon.

Senterpartiets historieverk

I tillegg til denne korte oversikten over Senterpartiets historie kan du også bestille Senterpartiets historieverk i to bind ved å kontakte Sps hovedorganisasjon på 23 69 01 00 eller epost@sp.no


Utfyllande lesing: Historiske røtter, vilkår for vekst (SpS), Rotfeste og framtid (Cultura) og Menn og politikk (Aschehaug)

 

Historiske navn og tall

Senterpartiets ledere
Johan E. Mellbye 1920-21
Kristoffer Høgset 1921-27
Erik Enge 1927-30
Jens Hundseid 1930-38
Nils Trædal 1938-48
Einar Frogner 1948-54
Per Borten 1955-67
John Austrheim 1967-73
Dagfinn Vårvik 1973-77
Gunnar Stålsett 1977-79
Johan J. Jakobsen 1979-91
Anne Enger Lahnstein 1991-99
Odd Roger Enoksen 1999-2003
Åslaug Haga 2003 - 2008
Liv Signe Navarsete 2008 - 2014
Trygve Slagsvold vedum 2014 -

Sps parlamentariske ledere
Johan E. Mellbye 1922-30
Jens Hundseid 1931-32
Gabriel Moseid 1932-33
Jens Hundseid 1933-40
Rasmus Langeland 1945
Nils Trædal 1945-48
Elisæus Vatnaland 1948-58
Per Borten 1958-65
Lars Leiro 1965-69
John Austrheim 1969-71
Per Borten 1971-73
Erland Steenberg 1973-77
Johan J. Jakobsen 1977-83
Johan Buttedahl 1983-89
Anne Enger Lahnstein 1989-91
Johan J. Jakobsen 1991-99
Odd Roger Enoksen 1999 - 2003
Marit Arnstad 2003 - 2005
Magnhild Meltveit Kleppa 2005 - 2007
Lars Peder Brekk 2007 - 2008
Rune Skjælaaen 2008 - 2009
Trygve Magnus Slagsvold Vedum 2009 - 2012
Magnhild Meltveit Kleppa 2012 - 2013
Liv Signe Navarsete 2013 - 2014
Marit Arnstad 2014 - 
 


Statsministre fra Senterpartiet


Peder Kolstad 1931-1932: 
Birger Braadland (fungerende) 1932       
Nils Trædal (fungerende) 1932  
Jens Hundseid 1932-1933
Per Borten 1965-71 
Anne Enger Lahnstein (fungerende) 1998

Regjeringsdeltakelse

Peder Kolstad, 12. mai 1931 – 14. mars 1932 (Bondepartiet)
Jens Hundseid, 14. mars 1932 – 3. mars 1933 (Bondepartiet)
Einar Gerhardsens samlingsregjering 1945, 25. juni - 5. november
John Lyng, 1963, 28. august - 25. september (sammen med Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre)
Per Borten, 12. oktober 1965–17. mars 1971 (sammen med Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre)
Lars Korvald, 18. oktober 1972 – 16. oktober 1973 (sammen med Kristelig Folkeparti og Venstre)
Kåre Willoch, 8. juni 1983 – 9. mai 1986 (sammen med Høyre og Kristelig Folkeparti)
Jan P. Syse, 16. oktober 1989 – 3. november 1990 (sammen med Høyre og Kristelig Folkeparti)
Kjell Magne Bondevik, 17. oktober 1997 – 17. mars 2000 (sammen med Kristelig Folkeparti og Venstre)
Jens Stoltenberg, 17. oktober 2005 – 16. oktober 2013   (sammen med Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti)

Oppslutning om Sp ved valg
Valg år Prosent Rep.
S 1921 13,1 17
S 1924 13,5 22
S 1927 14,9 26
K 1928 8,4
S 1930 15,9 25
K 1931 9,1
S 1933 13,9 23
K 1934 7,2
S 1936 11,6 18
K 1937 6,8
S 1945 8,1 10
K 1945 3,9
K 1947 5,3
S 1949 4,9 12
K 1951 6,0
S 1953 9,1 14
K 1955 6,9
S 1957 9,3 15
K 1959 7,8
S 1961 9,3 16
K 1963 8,2
S 1965 9,9 18
K 1967 9,3
S 1969 10,5 20
K 1971 11,5
S 1973 11,0 21
K 1975 10,7
F 1975 11,2
S 1977 8,6 12
K 1979 8,5
F 1979 8,6
S 1981 6,6 11
K 1983 7,5
F 1983 7,2
S 1985 6,6 12
K 1987 7,1
F 1987 6,8
S 1989 6,5 11
K 1991 11,8
F 1991 12,0
S 1993 16,78 32
K 1995 11,6
F 1995 11,8
S 1997 7,9 11
K 1999 8,3
F 1999 8,5
S 2001 5,6  10  
K 2003 7,9 
F 2003 8,0
S 2005 6,5  11
K 2007 8,0
F 2007 7,8
S 2009 6,2  11
K 2011 6,7
F 2011 6,3
S 2013 5,5 10
K 2015 8,5
F 2015 8,0
S 2017 10,3 19