Meny
Bli medlem

100 millionar til fylkesvegar i Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
-Eg vil takke Sp?s 1. kandidat til stortingsvalet, Beate Marie Dahl Eide, for at dei kr 100 mill blei vedteke i fylkestinget, det var eit SP initativ som dei raudgrøne partia slutta seg til. Og så vil eg takke heile Samferdselsutvalet og særleg Birger Hovden (A) for meget godt arbeid med fordeling av pengane. Samferdselsutvalet har hatt ein svært vanskeleg jobb, det er så mange vegar som treng pengar, og da blir sjølv kr 100 mill fort små, seier Halvor Lurås.

 

100 mill kr i ekstra lånemidlar for 2013 til fylkesvegane er fordelt.

Samferdselsutvalet i Telemark fylkeskommune fordelte pengane i sitt møte 11.feb. 2013


Felles framlegg frå Ap, Sp, Sv, H, Frp

Øvrige fylkesvegar 60 millionar:
Fv. 851 Varlandsvegen  - Fv. 37 20 mill
Fv. 51 Trommedalsvegen 3 mill
Fv. 51 Klovholt 2 mill
Fv. 302 Drangedal - Kjosen 5 mill
Fv. 753 Bokko - Dale 3 mill
Fv. 455 Vrådal 5 mill          
Fv. 854 Fiskestigen 2 mill
Fv. 802 Lårdal 6 mill
Fv. 201 Bamble Sundby - Riis 4 mill
Fv. 206 Bamble Kirke - Findal 2 mill
Fv. 401 Birtedalen 8 mill

Strategisk viktige/viktige fylkesvegar 20 millionar:
Fv. 351 Tangen .- AustAgder 4 mill
Fv. 755 Ruds bru - Buskerud grense 10 mill
Fv. 359 Lunde - Kleppe bru 6 mill

Bruer - 20 millionar
Fv. 356 Porsgrunn bru
Fv. 37 Tjågeåsen bru
Fv. 38 Skredåsen bru

 

Vi her i Tinn får da kr 10 mill til fv. 755 Tessungdalsvegen og kr 3 mill til fv. 753 Øvrevegen. I den ordinære bevilgningen fekk fv. 37 2,9 km asfalt frå Maristitunnelen mot Fjellstua.