Meny
Bli medlem

100 millionar til kvardagsvegane i fylket

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Hovudutval for samferdsel vedtok på fredag kriteriar for korleis ein skal bruke dei 100 millionane som fylkestinget har lånt ekstra til fylkesvegane i Telemark for 2013. Desse midlane kjem i tillegg til den løpande investeringsplanen forFylkestingspolitiker Beate Marie Dahl Eide er svært nøgd; For Senterpartiet er det her eit gledeleg vedtak. Vi er opptatt av å tenke heile Telemark, og det å gjere noko med vegane i heile fylket har høg prioritet for oss.

Enkelte fylkesvegar er naturen i ferd med å ta tilbake. Desse 100 millionane vil bidra til å stoppe forfallet på nokon av desse. I tillegg til 60 millionar til øvrige fylkesvegar vil det gå ca 20 millionar til kritiske bruer på strategisk viktige/viktige fylkevegar og 20 millionar til strategisk viktige og viktige fylkesvegar. Vegvesenet har mellom anna trekt fram klaffebrua i Porsgrunn og Skredtveit bru på Fv. 38 mellom Dalen og Åmot som aktuelle bruer.

 

Fylkestingsrepresentant Beate Marie Dahl Eide (Sp) er ekstra glad for at det i vedtaket vart bestemt at ca 60 millionar av dei ekstra midlane skal gå til kategorien "øvrige fylkesvegar".I dei vegplanane som er vedtekne var det i utgangspunktet ikkje lagt opp til å gjere noko som helst med dei øvrige fylkesvegane. Dette er ein situasjon som har bekymra meg og Senterpartiet i lang tid, og som vi har jobba hardt for å få gjort noko med. Bak omgrepet "øvrige fylkesvegar" finn vi skulevegar, arbeidvegar, pendlarvegar, kvardagsvegar for mange innbyggjarar i fylket vårt. Det er vegar over heile fylket, men det er nok spesielt i øvre delar av fylket at misnøyen har vore størst med kvaliteten på desse fylkesvegane.

 

I ein region som Vest-Telemark ser det ut til å vere vegar som Varlandsvegen, Fiskestigen, Lårdalsvegen og Åmotsdal som kan vere mogeleg å gjere noko med i 2013 for desse midlane. I nedre delar av fylket er vegar som Fv 51 Trommedalsvegen, Fv. 54 Fjærekilen - Voll nokon av dei aktuelle prosjekta. Vegvesenet og fylkesadministrasjonen kjem no til å gjere ein grundig jobb fram mot neste møte i samferdsleutvalet, der dei legg fram endeleg forslag til kva enkeltprosjekt som skal prioriterast.

 

Dette er ei sak som det er moro og krevjande å arbeide med på same tid, seier Dahl Eide. 100 millionar er mykje pengar. Samtidig veit vi at etterslepet på fylkesvegane i Telemark er stort, og sjølvsagt vil nokon bli skuffa over at ikkje akkurat deira veg nådde opp i denne runden. Men, alt i alt, er eg viss på at det å bruke 100 millionar ekstra på fylkesvegane i Telemark i 2013 utelukkande vil bli oppfatta positivt rundt om i fylket, og eg er veldig glad for at Senterpartiet har fått gjennomslag for ei viktig kampsak for oss i samarbeid med dei to andre raudgrøne partia på Fylkestinget. Satsing på betre vegar i heile Telemark er avgjerande for at vi skal få ei betre utvikling og byggje opp under levande bygder og byar i heile fylket, seier Dahl Eide.