Meny
Bli medlem

110-sentralen i Skien eller Drammen?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det var med stor undring eg las VTB laurdag. Frå Vest -Telemarkrådet ser eg Nissedal ordføraren Halvor Homme ikkje vil stille seg bak notatet underskrive av brannsjefane Underthun og Liebe. Notatet var ein sterk kritikk mot DSB og organiseringa av 110 - sentralen. Homme seier på vegne av Nissedal at det er det same om 110 - sentralen ligg i Skien eller Drammen! Dette har ikkje vore drøfta i formannskap eller kommunestyre. Eg er rysta over standpunktet og på mangel av forankring av ein så sterk politisk påstand.

! Senterpartiet vil ta avstand frå slike utsagn! Vil og minne om at forsøksordninga med å samle naudetatar i Drammen ikkje er ferdig. Dette skal evaluerast.

Min gode Halvor Homme - du har ikkje ryggdekning for ein slik påstand! Hugs at det er forskjell på kva du seier for eigen del og på kva du seier på vegne av kommunen. Rådet var om tysdagen og i kommunestyret om torsdagen var det ingen info om ei så viktig politisk sak.

Omgrepet alliansebygging renn meg i hu. Nissedal må stå saman med Vest-Telemark. Dei fire regionane må stå saman. Telemark må stå saman.