Meny
Bli medlem

12-punkts liste for reformer i kommunesektoren!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartiets verdiplattform for reformer i kommunesektoren: -Oppgåvene må på plass fyrst, før kriteriene for kommuneinndeling.

 

Senterpartiet vil vera ein pådrivar for reformer i kommunesektoren som bidrar til å betre tenestetilbodet og til å fremje folkestyret.  Senterpartiet vil ikkje frede dagens kommunestruktur, men endringar må skje ut frå lokale behov.  Det lokale folkestyret blir forvalta av innbyggjane i kommunane våre, ikkje av rikspolitikarane. Senterpartiet ønskjer ikkje å overstyre innbyggjaranes forvaltning av lokaldemokratiet, slik kommunereformen legg opp til.

 

Senterpartiet si 12-punkts liste for reformer i kommunesektoren vil vera styrande for partiets bidrag til en kommunereform gjennom Stortinget si handsaming våren 2014.

 

  1. Offentleg tjenesteproduksjon skal løysast på lågaste effektive nivå.

  2. Frivillighetsprinsippet skal liggje til grunn

  3. Inntektssystemet skal ikkje brukast til å fremje endringar i kommunestrukturen

  4. Lokaldemokratiet skal styrkast

  5. Folkestyret i storbyene styrkast

  6. Oppgåvene må på plass fyrst

  7. Barnevernet styrkast gjennom ny organisasjonsmodell

  8. Mindre statlig regelstyring, rapportering og rammer for oppgaveløysinga

  9. Kommunane si rolle som lokal samfunnsutvikler må sikrast

  10. Kommunane si tyding for busetting i heile landet skal med i reformarbeidet

  11. Fylkeskommunane si rolle må inn i kommunereformen

  12. Interkommunale samarbeid er ein del av løysinga, ikkje problemet.

 

Senterpartiet deler regjeringa sitt syn når dei seier dei vil ha ein kommunestruktur som er tilpassa morgondagen sine utfordringar. Difor er det ikkje akseptabelt at Regjeringa vil drøfte kriterier for kommuneinndeling fyrst, medan oppgåveportefølgja skal handsamast i neste omgang. Stortinget må leggja til grunn at kriteria for framtidig kommuneinndeling må handsamast på grunnlag av framlegg om kva for oppgåver framtidas kommunar skal løyse. Senterpartiet vil be Regjeringa legge fram ein gjennomgang av dagens oppgåvedeling mellom forvaltningsnivåa med framlegg til desentralseiring av ansvar til lågaste effektive nivå.

Det er vidare brei semje mellom partia på Stortinget om at barnevernet treng organisasjonsendringar. Senterpartiet deler ikkje regjeringa sine signal om at dette kan løysast gjennom større kommunar.Utfordringa er i minst like stor grad knytta til det statlege barnevernet og til dårleg samhandling mellom kommunane og  Bufdir/Bufetat. Senterparteit vil difor fremje ei sak for Stortinget om ny forvaltningsmodell for barnevernet kor kommunane sin lovpålagte oppgåver vert vidareført og styrka, og kor Bufetats regionale oppgåver vert overført til fylkeskommunane.