Meny

17,5 milliardar til fylkesvegane!

- No får vi pengane vi treng for å fjerne store delar av etterslepet på fylkesvegane i Telemark, seier stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide.
Stortingskandidat og samferdselspolitiker for Senterpartiet, Beate Marie Dahl Eide, er glad for at Telemark Senterparti har fått gjennomslag for kravet om ein fylkesvegpakke i Nasjonal Transportplan. 17.5 milliardar kroner ekstra finn vegen til fylka dei neste 10 åra. 
 
- Fylkesvegane er kvardagsvegane som folk brukar til arbeid, skule og fritidsaktivitetar kvar einaste dag. Dette er avgjerande viktig for at det skal kunne bu og leve folk i heile Telemark. Med 17,5 milliardar fordelt på fylka kan vi i Telemark kome svært langt med å ta att etterslepet vårt som er anslått til 3 milliardar, seier Dahl Eide.
 
- Dette er ein gledens dag for Telemark og for innbyggjarane i heile fylket. Senterpartiet i Telemark er oppteken av vegane i fylket vårt, og har kjempa hardt for denne fylkesvegpakka og for at fylkestinget i år brukar 100 millionar ekstra til vegane våre i 2013. Milliardsatsinga frå regjeringa kan no føre til at vi får auka løyvingar på anslagsvis 50-70 millionar per år, alt etter korleis den endelege fordelinga mellom fylka vert, avsluttar Dahl Eide.