Meny
Bli medlem

25 års jubilant

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I 1990 fekk ein fullført bygginga av vegen mellom Valle og Sirdal over Suleskard. På Google Maps er Suleskardvegen fyrstevalet mellom Oslo og Stavanger. Vegen er såleis ein attraktiv 25 års jubilant. Strekningen er 455 kilometer lang og nøyaktig 100 kilomter kortare enn å køyre enn E-18 og E-39 via Kristiansand. I tillegg er det nesten ingen bompengar langs Suleskarvegen.

 

Jubilanten har mykje trafikk og har stor positiv verknad for næringslivet langs vegen.  Rundt 1/3 av bilane som køyrer vestover langs E-134 i Høydalsmo tek av mot Dalen og Suleskard sommarstid.

Telemark Senterparti har prioritert denne vegen i sitt valprogram for 2015-2019. Tokke/Telemark Senterparti vil at Telemark fylke skal vil vera ein pådrivar saman med Agder fylka og Rogaland for å få heilårsveg over Suleskard.

Jarand Felland

Ordførarkandidat for Tokke Sp