Låna i Husbanken er viktige for bustadbygginga i her i landet. Husbanken gjev lån for å hjelpe varig vanskelegstilte inn i eigen bustad og for å fremje kvalitetar som energieffektivisering og universell utforming. Det blir også gjeve lån til bygging av barnehagar.
Det er eit stort press i bustadmarknaden og mange slit med å løyse bustadproblema sine, anten det er til leige eller eige. Husbanken har varsla departementet om stor etterspurnad etter lån.
– Regjeringa vil føre ein aktiv bustadpolitikk. Eit viktig tiltak er difor å leggje til rette for at det kan byggjast fleire bustader. Eg er nøgd med at me no gjer framlegg om å styrkje låneramma til Husbanken med fem milliardar kroner i revidert budsjett, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Låneramma til Husbanken blir etter dette på 25 milliardar kroner i 2013. Dette vil medverke til fleire bustader med gode kvalitetar, bygging av fleire utleige- og studentbustader og til viktige bustadsosiale tiltak.