Meny
Bli medlem

Aasmund Nordstoga om Statens tilbod i jordbruksoppgjeret

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Regjeringas tilbod til landbruket, vitnar om at den ikkje verdset arbeidet som vert gjort for å oppretthalde kulturlandskapet, småskalaproduksjonen og mangfaldet i det unike norske landbruket.


Jobben me gjer for å halde jorda i grisgrendte strok i hevd, er altså ikkje verd noko. Det går frå mangfald mot einfald.
Me skal få lov til å drive, seier dei - men ikkje få betalt. Det er sikkert dette som er å vera fri ...Det er dårleg stelt med bondens marknad langt frå byane, men me leverar til småskalaprodusentar i bygda. Problemet er at dei berre tek ein brøkdel av produksjonen. Me er avhengige av dei store (som TINE), for å halde liv i dei små (som Vinje Gardsmat)"