Meny
Bli medlem

- Alvorleg hvis heile bypakka blir utsett

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
-Eg meinar dei faglege vurderingane frå fylkesrådmannen er gode. Vi må tenke klokt når vi skal legge planar for framtida. Det er viktig at vi husholderar godt med arealet vi har, ôg at vi tenker langsiktig med det arealet som ikkje er brukt, vi må ha næringsareal óg i framtida. Vi må sørge for minst mulig transport, styrke bysentra, ha løysingar som bidreg til minst mulig utslepp av klimagassar. Vi som politikarar både må og kan styre utviklinga, gode planvedtak er viktig!, sa Beate Marie Dahl Eide i møte i samferdselsutvalget i Telemark i dag 27. januar.

 

 

Det aller aller viktigaste med planen vi har framfor oss idag er grepet med å fortette langs bybandet. Vi er heilt nødt til å ta grep for å få styrt byutviklinga i ei retning der vi får fleire til å bu langs bybandet. Dette vil gje eit auka grunnlag for kollektivtrafikken og vi vil utvikle eit meir urbant preg, fleire vil bu og leve i bykjernane. Det betyr fleire som har sitt daglege virke der, handlar, brukar kulturtilbud, kafeer og restaurantar. Sørgar for meir liv til byen. Dette er viktig for å skape sterkare attraksjonskraft, gjere Skien og Porsgrunn, i hovudsak, endå meir attraktive for folk å bu og leve i.

 

For meg som Senterpartist er det ingen motsetning mellom det gode liv i byen og det gode liv på landet, tvert i mot. By og land er gjensidig avhengig av kvarandre, eller hand i hand om du vil. Vi treng Grenland som ein sterk byregion i Telemark, som tek på seg leiarrolla, som vil vere lokomotivet, og dra i front for eit endå betre Telemark, saman med resten av fylket. Då må vi sjå utanfor den enkelte kommune si grense, då må vi tenke heile Grenland, tenke heile Telemark.

 

Dyrka mark har vi lite av i Telemark, og mykje er desverre bygd ned. Eg meinar at det å fortette langs bybandet er noko av det aller viktigaste vi kan gjere også for jordvernet. Vi må sørge for at minst mulig matjord blir sett under press. Det vil denne strategien bidra til. Framtida vil takke oss for at vi tok dette grepet og sørga for at også barnebarna våre har jord å produsere mat på i framtida.

 

Så til det område i planen det nok har vore mest diskusjon og medieskeriveri om:

Korleis skal vi organisere oss med tanke på handel og næringsareal i Grenland? Det er det mange meiningar om; kommunar, fylkesmann, naturvernforbundet og andre har ulike inngangar, vektlegg ulike hensyn. Det å vedta ein slik regional plan er vår oppgåve som fylkeskommune. Mi rolle som fylkespolitikar er å gjer ei overordna vurdering for kva som er viktig og riktig for Grenland og Telemark.

 

Eg meinar dei faglege vurderingane frå fylkesrådmannen er gode. Vi må tenke klokt når vi skal legge planar for framtida. Det er viktig at vi husholderar godt med arealet vi har, ôg at vi tenker langsiktig med det arealet som ikkje er brukt, vi må ha næringsareal óg i framtida. Vi må sørge for minst mulig transport, styrke bysentra, ha løysingar som bidreg til minst mulig utslepp av klimagassar.

Vi som politikarar både må og kan styre utviklinga, gode planvedtak er viktig!

Asplan viak sin rapport viste at bysentra vil tape på at ein opnar for meir på Kjørbekk og Enger. Og det er også det minst miljøvenlege alternativet.

Denne planen handlar om korleis vi kan gjere Grenland meir attraktivt, få meir fortetting, større grunnlag for kollektivtransport og andre tilbud. Det er bakvendt å skulle bidra til det motsette.

 

Skien er i andre samanhengar også oppteken av å ha nok areal til næringsetableringar . Derfor er det ikkje logisk å opne opp for mindre verksemder på Kjørbekk enn i dag. Vi har ambisjonar om å trekke virksomhet til Telemark, til Grenland, då må vi ha nokon areal som er ledig for dette. Enger-området er godt eigna.

 

Eg ønsker primært å støtte fylkesrådmannen si innstilling på dette punktet, om det ikkje skulle få fleirtal ønsker eg å støtte Sigbjørn Molvik sitt forslag. 2500 Kjørbekk 5000 på Enger.

 

Møteleiar, eg vil avslutningsvis gi uttrykk for at eg er alvorleg bekymra for at det no ligg an til eit fleirtalsvedtak som ein kan risikere at utsetter heile bypakka. Det er ikkje bra for Grenland, det er ikkje bra for Telemark!