Meny
Bli medlem

Anne- Nora Oma Dahle si tale til årsmøtet i Telemark Senterparti

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Oppdraget er å vere den du alltid har vært. Å vere tilstades i eige liv og i ditt eige nærmiljø. Det er viktig at me alle brukar engasjementet vårt heime i vårt nærmiljø, at me snakker med folk. Oppskrifta er å fortsette med å bruke fritida di på politikk, engasjere deg og vise kjensler. Det skaper begeistring og overbevisning. Det er tre nøkler til suksess ? åpenhet, informasjon og debatt, sa Anne-Nora Oma Dahle i si opningstale til årsmøtet på Norsjø Hotell.

 

Vyrde ordstyrarar! Vyrde årsmøte!

Velkomen til årsmøte i Telemark Senterparti 2014!

Velkommen til Æresmedlemmar! Anne Beate frå Sentralstyret! Senterungdommar! Senterkvinner! Sentermenn! Kvar og ein som er utsending frå lokallaga! Presse!

Tradisjonar er me opptatt av – godt å vere eit døgn på Norsjø der me skal snakke politikk og nettverke! Og tradisjonen tru, så tar me heile døgeret i bruk…

Eg er stolt av å vere Senterpartist! Så eg vil oppmode alle om å "fasten seatbelts!" Fest pinsen alle saman! Kvar og ein av oss har ansvaret for å gjere årsmøtet til ein tenketank for god sp politikk!

Som ei førebuing til helga, googla eg ordet "jubileum". Det lover godt å vere aktiv senterpartipolitikar i 2014. Me feirar Grunnlova sine 200 år. Det er 200 år sidan det skjedde noko viktig for nasjonen Noreg på Eidsvoll i 1814. Det var magisk under OL når Kjetil Jansrud tok OL gull på tida 1.1814…

Det er 20 år sidan det norske folket sa nei i -94 til å vere med i EU!

Det er 40 år sidan jenter fekk sin rettmessige rett til odel på garden!

2014 er FNs år for familiejordbruk – det skal vere eit år med landbrukspolitikk som vil gi solid støtte til småskala familiejordbruk.

2014 teikner seg til å bli eit minnerikt år på mange måtar. Eit år der me skal feire demokratiet!

Min spådom er at våren 2014 vil bli prega av konflikt mellom bøndene og den blå-blå regjeringa under jordbruksforhandlingane. Det vil mest sannsynleg bli ein konflikt mellom lærarane og den blå-blå regjeringa om arbeidstidsavtale. Eg trur det vil bli ein vår med streik. Så topper me sesongen med kom.proppen. Som senterpartist skal du ikkje bli arbeidsledig! Her er det ein rik anledning til å få kommunisert realpolitikken til regjeringa ut til folket. Så får me sjå om festtalane er i samsvar med den opplevde konsekvensen av politikken. Så får me sjå om velgarane er i takt med den nye regjeringa. Sidan me skal feire Prøysen sitt 100 års jubileum dette året får me tralle og syngje, kva med "sola skinn på deg, så skuggen fell på meg, men graset er grønt for æille."eller "du skal få ein dag i mårå". 2014 kan bli eit livlig år! La det bli eit år der me set demokratiet i sentrum.

et har vært eit vanskeleg år for partiet. Eg beklagar sterkt at me som organisasjon har bruka så mykje tid og krefter på indre uro, når me har meir enn nok med å arbeide med politikk. Det manglar ikkje på saker den blå-blå regjeringa sender i fanget til oss. Telemark Senterparti takkar Liv Signe for tida som leiar, og ser tilbake på tidslina til partiet at ho har satt fotavtrykk etter seg! Valnemnda har satt partiet i sving med å velje ny leiing. Eg vil rose Terje som leiar for valnemnda for å nytte organisasjonen som reiskap. Og til å ha tru på å gjennomføre ein intern prosess. For meg er det viktig å halde prosessen intern for å vise oss sjølv og andre at me kan samarbeide, og at me har lært.

For Telemark og heile partiet er det to ting som er viktige for å stå støtt – å arbeide hardt kvar dag med politikk og organisasjon! I Telemark er det å styrke lokallaga og fylkeslaget fram til valet 2015. Me skal bygge Team-Terje! Dette året skal me arbeide med å få fram listekandidatar, verve nye medlemmar og vise fram kva me har fått til politisk. Målet vårt er å få inn fleire på ordførarbenken og me skal auke fylkestinggruppa vår. Og ikkje minst har Telemark bruk for Terje som fylkesordførar! Fotavtrykket til Senterpartiet skal vise velgarane at me vil enda meir med Telemark. Senterpartiet har det gode slagordet For heile Telemark! Senterpartiet har stor tru på Team-Terje!

 

Oppdraget er å vere den du alltid har vært. Å vere tilstades i eige liv og i ditt eige nærmiljø. Det er viktig at me alle brukar engasjementet vårt heime i vårt nærmiljø, at me snakker med folk. Oppskrifta er å fortsette med å bruke fritida di på politikk, engasjere deg og vise kjensler. Det skaper begeistring og overbevisning.

Det er tre nøkler til suksess – åpenhet, informasjon og debatt.

Det er mange myter om oss politikarar. Det er mange som har det moro på vår bekostning. Eg vart spurt her om dagen på kva definisjonen på hard hud var – ein politikar som står oppreist utan ryggrad. Senterpartiet vil vere tilstades i kvardagen til folk. Me vil vere lyttepostar, støttespelar og talspersonar. Til det treng me sensitiv hud! Kjensler skaper engasjement. Alle bur me i eit lokalmiljø. Dei fleste starter med å engasjere seg i politikk gjennom ei lokal sak. Eg beundra alle dåke som brukar fritida på å byggje det gode samfunn! Til å skape gode lokalmiljø! Som brenner for å gjere livet i nærmiljøet attraktivt, og som er med og skaper noko. Som fylkesleiar vil eg takke kvar og ein av dåke for innsatsen de gjer for Senterpartiet!

Sidan sist årsmøte har me gjennomført ein stortingsvalkamp. Me klarte igjen å få ein toppkandidat som skapte engasjement og begeistring. Det er typisk Senterpartiet og ha gode folk! Senterpartiet var synlege frå dag 1 med Beate på fyrsteplass. Eg vil takke Beate som stod på dag og natt, og hadde eit godt humør, engasjement og tru på Telemark! Eg vil takke alle i partiet for hjelp med å gjennomføre stortingsvalkampen!

Det er fleire me i Telemark skal takke på årsmøtet vårt - kva hadde Telemark Senterparti vært uten Sveinung?! Kjære Sveinung! Tusen takk for at du held oss alle saman i ånde, i øyrene og realitetsorienterer oss! For at organisasjonen Telemark Senterparti skal halde tempoet oppe så er du navet, som gjer at me får hjulet til å gå rundt! Du er omkransa av politikarar som driver med politikk stort sett på fritida. Me trenger deg for å vere gode sp politikarar!

 

Eg vil takke Terje, Tor Erik og Beate for grundig og engasjert arbeid i fylkespolitikken! Dåke har satt Telemark på kartet og fått til eit samarbeid på tvers av partia. Dåke maler grønfargen over heile fylket! Og resultata lar ikkje vente på seg. Terje har velfortent skapt seg eit rykte for å binde Telemark saman! Og for å arbeide hardt for utvikling av heile Telemark!

 

Viktige saker som vil prege Telemark framover Kommunereformen - SP ville ha ein regionsreform der oppgåver skulle tas frå stat og sendast ut i regionane og kommunane.

Beredskap - nærhet og responstid når det gjeld både politi og sjukehus EU ogEØS - SP vil verne om norsk sjølråderett Landbruk og mat - Noreg skal ha eit aktiv landbruk for å ivareta sjølvbergingsgraden med norsk matproduksjon, og rekruttere og behalde kompetanse i ei viktig primærnæring Samferdsel - bypakke Grenland er viktig for heile Telemark! Stort trykk på utbygging og vedlikehald av veg og bane i heile fylket!

 

22.mars vil SP i Buskerud, Vestfold og Telemark arrangere bypolitisk konferanse.

 

Du skal aldri vere redd for folk med spisse albogar! For når du brukar den frå rett side skaper du samhald og tryghet! Hugs at det er i armkroken du plasserer folk som du har respekt for og er glad i!

 

Senterpartiet sentralt har utarbeida fire temahefter om politikkutforming som er dagsaktuelle. Kommunereformen, EU og EØS, Landbruk og Beredskap. Desse er til å ha med i verktøykassa til oss alle til å gå frimodig med i debattane utover vinteren. Det har aldri vært meir bruk for SP enn no. Den blå-blå regjeringa har ambisjoner som utfordrer oss. Det er i valet i 2015 og 2017 det norske folket skal fortelle Erna og Siv om dei er nøgde. Me i SP skal ut og snakke sp politikk samt vise kva konsekvensar regjeringa sin politikk får for folk.

 

Avslutningsvis vil eg sitere Bjarne Undheim og Elvis alias Arne Bergsvåg "are you looking for troble? You come to the right place!"

 

Kjære Telemark Senterparti

På med kløveren! Me har ein jobb å gjere!

Godt årsmøte!