Meny
Bli medlem

AP sitt framlegg til ran av jord ? tilleggsjord i Skien

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
I TA 30.07.2013 og Nationen 01.08.2013 les eg om nye grunneigarfiendtlege tankar frå Arbeiderpartiet. Etter at ein mjølkebonde i Skien ikkje får fornya ei leigeavtale på drift av tilleggsjord har han for lite jord p.t. til å halde fram drifta som tenkt. Når ei avtale går ut, så er det inga avtale om drift lenger. Alle bønder må drive med dei ressursane dei har, og kan ikkje krevje å få drive på grannen si jord

 

. AP ynskjer å gripe inn i avtalefridomen samstundes som dei vil vedta eit oreigningstiltak som skal føre til at leiger du bort jord, så kan leigetakaren krevje å overta jorda til odel og eige. Dette er ein reprise på tidenes ran – tomtefestarane som kan krevje å løyse inn festetomta til 40 % av tomteverdien – på tvers av avtaler som er gjort og prinsippet om retten til eigen eigedom.  

AP kjem med ei enkel løysing på ei sak i Skien i avisene: Når avtalen til ein bonde som leiger tilleggsjord går ut, kan bonden krevje å kjøpe tilleggsjorda. Konsekvensane ville truleg blitt at det blei mindre jord til leige, for grunneigarar vil kvi seg for å leige bort noko som dei mistar gjennom AP sin oreigningsregel. Såleis vil neppe AP sin regel føre til at bønder som vil drive større enn eiga jord får meir jord å leige. Vidare undergraver AP odelsloven med framlegget sitt. Mange odelseigedomar som leiger bort jord, vil ikkje vere odelseigedomar etter ei tvangsinnløysing av den dyrka marka. Har AP tenkt på det? Er AP mot odelsinstituttet?

Eg forstår ikkje at AP blir sure på eit ektepar som kjøper ein landbrukseigedom for å drive den med dei ressursane eigedomen har. Eg forstår ikkje sure grannar som kritiserer drifta til dei nye grannane det fyrste året dei sit med eigedomen. Det er sjeldan optimal drift fyrste året, og mange får fritak for drift fyrste året for å planlegge og legge til rette for framtidig drift. Det er spesielt å sjå at ein stortingspolitikar går inn på ei side i ein slik konflikt og er med på å stigmatisere nye bønder for at dei ikkje leiger bort all jorda si slik som tidlegare eigar har gjort. Om ikkje AP ynskjer sjølvstendige gardsbruk på gardar med ressursar som nemnt i den konkrete saka, då ynskjer ikkje AP distriktslandbruk. AP ynskjer då berre store bønder med storproduksjon, og vil rasere ryggraden i distriktet – som er dei små gardsbruka. Kva er galt med å drive smått, AP? Meiner AP at gardar med mjølkekvote på 50 – 100 000 liter ikkje bør eksistere?

Det er òg spesielt å sjå kommunepolitikarane i Skien som raser i denne saka. Det er jo dei same politikarane som ga Lia og Muffetangen konsesjon på eigedomen – konsesjon med pålegg om å drifte eiga jord, som no er sure for at dei fekk konsesjon. Er det ikkje noko konsekvenstankegang eller velgrunna tanke når desse politikarane gjer eit vedtak? Snur kommunepolitikarane i Skien seg med fyrste avisoverskrifta?